NRK Meny
Normal

Avviser kritikk om flyplassfamilie

Regjeringa vil ikkje ta ansvar for den eritreiske familien som har budd på ein fransk flyplass i nesten to veker.

Hele familien til Simret Wolbgeber

Simreth Wolbgeber og dei åtte borna hennar har hatt Charles de Gaulle-flyplassen i Paris som tilhaldsstad etter at dei vart kasta ut av Noreg for to veker sidan.

Foto: Liv Berit Gilberg / NRK

Åttebarnsmora som sit fast i Paris, måtte måndag ettermiddag reise tilbake til flyplassen utan noko løysing, etter eit møte med Røde Kors. I helga har familien vore på hotell, etter å ha budd på flyplassen i fleire dagar. Familien budde i Ulsteinvik på Sunnmøre frå i fjor sommar til dei vart sendt ut av Noreg 12. mars.

– Vi har det ikkje godt. Vi er tilbake på flyplassen og det begynner å bli skremmande å sove her, seier eldstedottera Denaite til NRK.

Håpet til 14-åringen er at dei kan få reise tilbake til Noreg, eller finne ein stad å bu i Frankrike. Men til no har verken norske eller franske myndigheiter kome til unnsetning.

Avviser kritikken

Justisminister Anders Anundsen (Frp)

Justisminister Anders Anundsen (Frp) seier Noreg ikkje har noko ansvar overfor den eritreiske familien.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Den eritreiske familien kom i fjor sommar først til Frankrike, og blei difor sendt tilbake, for å søkje asyl der, slik regelverket tilseier. I etterkant av utsendinga har norske styresmakter fått skarp kritikk for å gjere for lite for å forsikre seg om at småbarnsfamilien faktisk har ein stad å bu i Frankrike.

Men justisminister Anders Anundsen (Frp) avviser kritikken.

– Norske styresmakter er ansvarleg for det tilbodet vi gir asylsøkjarar i Noreg, ikkje det tilbodet som vert gitt i Frankrike eller andre Dublin-land. Noreg gjer absolutt nok for å sikre at våre asylsøkjarar får det dei skal ha i Noreg. Når dei returnerast etter Dublin-avtalen, så er det landet som tek imot desse asylsøkjarane som er ansvarlege for det tilbodet får eller ikkje får, seier Anundsen.

Det har heller ikkje måndag lukkast NRK å få kommentar med franske styresmakter.