Hopp til innhold

Krev svar frå Stortinget om flyplassfamilien

I over ei veke har ei åttebarnsmor som vart utsendt frå Ulsteinvik til Frankrike budd på flyplassen i Paris. Ap-politikar Fredric Holen Bjørdal er redd for at utsendinga no går så fort at fleire kan risikere å oppleve det same.

Simret Wolbgeber

BOR PÅ FLYPLASSEN: Simret Wolbgeber frå Eritrea kom til Ulstein i sommar. Førre veke vart ho og åtte barn sendt til Frankrike, men ingen kan ikkje tilby familien husvære. Dei har budd på flyplassen Charles de Gaulle utenfor Paris i åtte dagar.

Foto: Liv Berit Helland Gilberg / NRK

Onsdag 12. mars vart Simreth Wolbgeber og hennar åtte barn henta av politiet i Ulstein og skyssa til Gardermoen.

Vidare vart ho sendt med fly til Frankrike, sidan det var der kvinna frå Eritrea først vart registrert.

Etter Dublin-regelverket skal asylsøknaden hennar handsamast i Frankrike. Men på flyplassen Charles de Gaulle var det ingen som tok i mot familien og kunne tilby dei ein plass å bu.Dermed har mor og åtte barn budd på flyplassen sidan.

Det yngste barnet er berre fire månader gamalt.

Meiner Frp viser musklar

Stortingrerepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) meiner det er kritikkverdig at familien opplever dette og vil ta saka opp i Stortinget.

Han meiner at med Framstegspartiet i regjering har tempoet i utsendinga av asylsøkjarar auka og fryktar konsekvensane.

– Eg lurer på om det går for fort og om ein er så oppteken av å vise musklar at det går på kostnad av dei naudsynte og grundige undersøkingane, seier Holen Bjørdal. Han mistenker at grunnarbeidet har vore for dårleg i denne saka.

Uverdig for familien

Fredric Holen Bjørdal

REAGERER: Fredric Holen Bjørdal (Ap) vil ta saka opp i Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

Holen Bjørdal synest det er uverdig og uansvarleg at familien ikkje har fått ein stad å bu. Spesielt når det er små barn inne i biletet, bør arbeidet på førehand vere grundig, meiner han.

– Men ditt eige parti har også sendt ut mange asylsøkjarar. Meiner du at apparatet var betre då?

– Eg meiner at vi var veldig nøgne på at vi ikkje sende ut menneske før vi var sikre på at der var eit mottaksapparat og at dei fekk oppfølging, seier Holen Bjørdal. Han legg til at dei fekk mykje kritikk av dei som meinte at utsendinga gjekk for seint.

Trond Øvstedal, kommunikasjonsrådgivar i Justisdepartementet seier at dei har følgt regelverket, og at det ikkje har skjedd endringar i reglane sidan regjeringsskifte.

Politiet si utlendingseining seier at franske styresmakter aksepterte å ta imot familien og at det er dei som no har ansvaret.

Inga snarleg løysing

Både diakonen i Ulstein og biskopen i Møre har engasjert seg i saka.

Diakon Ranveig Kaldhol er dagleg i kontakt med familien og seier at situasjonen fredag er den same, og at det ikkje ser ut som om saka får ei snarleg løysing.

– Eg har spurt om dei har ete ordentleg mat på flyplassen, men dei fortel at dei berre får te, yoghurt og kaker, seier Kaldhol. Ho er fortvilt og prøver å hjelpe familien til å halde motet oppe.

NRK har vore i kontakt med franske styresmakter i dag, men vi har ikkje lukkast å få ein kommentar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL