NRK Meny
Normal

Tok nyttårsvasken i 6,6 grader

Enkelte avsluttar året friskare enn andre. Denne gjengen i Molde bløytte seg i fjorden nyttårsaftan.

Nyttårsbad i Molde

NYTTÅRSBAD: Denne gjengen runda av 2015 med bad i Molde. Odd Roar Lange (i heil stripa badedrakt) starta tradisjonen for seks år sidan.

Foto: Jakob Aarø Lange

I middagstida i Fjærestua i Molde stod elleve frosne kroppar klare til å bli endå kaldare. Tradisjonen starta for seks år sidan som ein spøk, no er det er sjølvfølge for Odd Roar Lange å hoppe i havet nyttårsaftan.

– Nyttårsbad har ein ofte høyrt om at andre har gjort, og plutseleg blei det ei greie for oss også. Vi ville prøve og sjå korleis det var, fortel Lange.

Uvanleg nyttårsbad

Nyttårsbad i Molde

Det var ikkje alle som var med frå starten som var med i dag. Fleire nye har slutta seg til tradisjonen.

Foto: Jakob Aarø Lange

Nyttårsbadet anno 2015 blei kaldt, men ikkje så kaldt som det har vore tidlegare år.

– Det var 7,5 grader i lufta og 6.6 i vatnet. Det er faktisk første gongen det har vore varmare i lufta enn i sjøen, seier han.

Elleve hoppa i havet, medan nokre stod att i fjøresteinane. Det var ikkje alle som var med frå starten som var med i dag. Fleire nye har slutta seg til tradisjonen.

– Alle kjenner nokon, men ikkje alle kjenner alle. Det var eit par personar med i dag som badar kvar laurdag. Dei er profesjonelle.

Lærte å svømme i isvatn

Lange er likevel ikkje ukjend eit kaldt bad. Sjølv lærte han å svømme i Eikesdalsvatnet som inneheld mykje brevatn. Det kan ha gjort at han er ein av dei som lærte seg raskast å svømme.

– Eg badar ikkje i sjøen regelmessig, men eg bada i Barentshavet utanfor Vadsø for ein månad sidan. Det var forferdeleg kaldt.

– Kvifor gjer du det?

– Nei, kva skal ein svare på det. Det er herleg etterpå. Og ein blir overraska over kor lite ubehageleg det faktisk er. Det kan verke like kaldt å bade på sommaren når det er 25 grader i lufta og 16 i vatnet.

– Og blir det same opplegget neste nyttårsaftan?

– Ja, planane er klare. Neste år får vi også ein butler med på laget som skal servere kakao med kanskje litt konjakk i.

Nyttårsbad i Molde

Planane for neste nyttårsbad er allereie klare. Lange håper at fleire blir med på tradisjonen.

Foto: Jakob Aarø Lange