Avklara ikkje skulenedlegging

Om tre skular i Vanylven skal leggjast ned, vert tidlegast klart på neste kommunestyremøte i mai.

I tilrådinga før møtet i går var det lagt opp til at skulane på Åram, Eidså og Rovde skulle kuttast ut.

Ordførar Jan Helgøy frå KrF meiner det er viktig å ikkje forhaste seg i denne saka.