Hopp til innhold

Nordøyvegen blir truleg utsett

I oktober skulle Fylkestinget etter planen avgjere om Nordøyvegen skal byggast eller stoppast. Saka kan bli utsett til desember, stadfestar samferdselssjefen i fylket.

Tunnelinnslag på Harøya

Førebuingane til Nordøyvegen er ferdige. På Myklebust på Harøya står tunnelinnslaget klart til at det skal kome undersjøisk tunnel til Fjørtofta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til under 3000 innbyggjarar på øyane i Haram og Sandøy. Prosjektet skulle koste 3,8 milliardar kroner, men kjem til å bli over ein milliard kroner dyrare. Det førebuande anleggsarbeidet er ferdig, og på dei fem øyane står tunnelinnslaga klare. Sidan i sommar har det blitt arbeidd intenst med å finne ut korleis ein skal finansiere kostnadssprekken, og kva det eventuelt vil koste å stoppe utbygginga.

Har fått inn klage

Samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arild Fuglseth, seier at det er uklart om dei får svar på alle spørsmåla før fylkestinget i oktober.

– Vi har jobba både med finansiering i lengre tid og vi har fått inn ein klage i saka. Begge dei to delane må på plass før saka kan behandlast i fylkestinget, seier Fuglseth.

Ifylgje lokalavisa Nordre er det Implenia Noreg AS, som kom på tredjeplass i konkurransen, som har klaga. Dei meiner at Statens vegvesen har gjort fleire feil i sakshandsaminga.

Arild Fuglseth, Samferdselssjef

Arild Fuglseth seier at det er uklart om fylkesadministrasjonen får svar på alle spørsmål om Nordøyvegen før innstillinga skal vere klar i oktober.

Foto: ALF-JØRGEN TYSSING / NRK

40 år med bompengar

Fylkesadministrasjonen har også bede om møte med Samferdselsdepartementet, for å få svar på om staten kan bidra med midlar, og om dei kan godkjenne 40 år med bompengar, mot dagens 20 år.

– Vi har purra og ventar på å få eit møte, seier Fuglseth. Fylkesadministrasjonen reknar også på kva det vil koste dersom Nordøyvegen ikkje vert bygt, og kva ferjekostnadane vert i framtida. Dei ser også på om prosjektet kan reduserast eller om delar av det kan utsettast.

Dersom desse svara ikkje vert klare til oktobermøtet, seier Fuglseth at innstillinga forhåpentlegvis er klar i desember.

Fagfolk blir omplassert

Portrett kvinne

Marianne Nærø er prosjektleiar i Nordøyvegen. Ho seier at tilsette no kan bli omplassert til andre prosjekt medan ein ventar på ei avgjerd i saka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Marianne Nærø, prosjektleiar for Nordøyvegen, seier at Statens vegvesen har sendt brev til alle fire hovudentreprenørane og spurt om dei vil forlenge tilbodet sitt til 14. januar. Fristen går opphavleg ut 1. november. Nærø seier også at tilsette som jobbar med Nordøyvegen kan bli flytta til andre prosjekt.

– Vi er ein stor organisasjon som førebur oss til byggestart. Dersom det viser seg at det går endå lengre tid, må vi omplassere delar av vår prosjektorganisasjon til vi får eit endeleg vedtak, seier Nærø.