Aure-ordføraren er bekymra

Når Helse Møre og Romsdal skal kutte 200 årsverk står rehabiliteringssentera i Aure og Mork i Volda i fare. Aure-ordførar Ingunn Golmen (Sp) er bekymra for konsekvensane dersom senteret på Aure blir lagt ned. – Med om lag 50 tilsette er rehabiliteringssenteret ein svært viktig arbeidsplass for oss. Mange av dei tilsette er høgt utdanna og har busett seg her grunna jobben. Dei har tenkt at dette er trygge arbeidsplassar. Så eg er bekymra for at mange skal flytte dersom senteret blir lagt ned, seier Golmen til NRK.

Ingunn Golmen
Foto: Trond Vestre / NRK