Hopp til innhold

– Behovet stort for fleire flygingar

Widerøe aukar setekapasiteten mellom Søre Sunnmøre og Oslo. Ifølje Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa er det nødvendig å ruste opp dette rutetilbodet.

Widerøe Dash 8

Setekapasiteten vert auka mellom Hovden lufthamn og Gardermoen.

Foto: Kristina Kvistad Hustad

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa meiner at det er nødvendig med auka kapasitet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Flyselskapet Widerøe får fortsette å flyge mellom Ørsta-Volda lufthamn, Hovden og Oslo dei neste fire åra.

– Setekapasiteten vert auka, men det vil ikkje vere enorm forskjell frå det allereie eksisterande tilbodet, seier informasjonssjef i Widerøe, Silje Brandvoll.

Ny anbudsperiode

Frå april vil Widerøe fortsette å flyge mellom Ørsta-Volda lufthamn og Gardermoen. Samferdselsdepartementet har gitt flyselskapet ein ny fireårig kontrakt med krav om å halde avgangane oppe.

– Widerøe auka talet på avgangar i løpet av førre anbudsperiode. Dette vart gjort på eigen kommersiell risiko, då vi såg at behovet var stort for meir trafikk, opplyser informasjonssjef Brandvoll.

LES OGSÅ:

Nødvendig opprusting

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa meiner at det er nødvendig å ruste opp rutetilbudet på strekninga.

– No har vi vore nødt til å stille med større fly fordi det er fleire som flyg frå Ørsta og Volda. Dette vil vi støtte opp, og legge til rette for. Derfor vert det fleire sete, seier Kleppa.

Flyruter binder landet saman

Samferdselsministaren fotel at denne prosessen har tatt tid. Mange anbud har vorte vurderte, men no er resultatet klart.

– Eg er glad for denne tildelinga. Eg veit at dei regionale flyrutene er med på å binde saman landet på ein spesiell måte, seier Kleppa.

LES OGSÅ:

Ministaren legg til at det nye tilbodet vil gi folk større mogelegheiter til å velje både kvar dei vil bu og arbeide.

Også reisande på andre regionale flyruter vil merke forskjell. Kapasiteten på landsbasis aukar med ni prosent med dei nye kontraktane. Samferdselsdepartementet har gitt ut kontraktar på 18 regionale flyruter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL