Hopp til innhold

«Berit» skaper problem i trafikken

Eit Widerøe-fly på veg frå Oslo til Ørsta-Volda lufthamn Hovden måtte snu då lynet slo ned i flyet under innflyging fredag kveld. Fleire stader i Møre og Romsdal er også straumen borte på grunn av lynnedslag, og båt- og ferjeruter er innstilte på grunn av ekstremvêret.

Berit

UVER: Ekstremveret Berit skaper problem langs heile kysten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Flyet skulle lande i Ørsta-Volda klokka 17.10, men vart forseinka på grunn av ver og vind. Ny tid var sett til 17.40.

Alt i orden

Vaktleiaren for Widerøe på Hovden fortel til NRK at han fekk beskjed om at flyet måtte avbryte landinga.

– Årsaka var lynnedslag. Alt er i orden med fly og passasjerar, men rutinane seier at flyet må reise til ein flyplass med mekanikar etter lynnedslag.

– Dermed var Bergen nærast, fortel vaktleiar Per Åge Ertesvåg.

Lynet slo også ned i eit fly som landa på Vigra i ettermiddag. Passasjerar fortel at det vart månelyst inne i flymaskinen. Situasjonen vart oppfatta som dramatisk, men flyet kunne lande som normalt.

NRK tok turen rundt Runde fredag, sjå video:

Video Bli med rundt Runde

Les også:

Kvernberget var stengt

Flyplassen Kvernberget i Kristiansund var heilt stengt ein periode på grunn av lynnedslag. Flyet frå Oslo i ettermiddag måtte lande i Molde.

– Men no har vi funne feilen og retta den. Dermed er vi opne igjen, opplyser lufthamnsjef Ole Petter Pettersen til NRK Møre og Romsdal klokka 18.45.

Lynnedslag har også ført til straumbrot fleire stader i fylket. Abonnentar i Kristiansund, Smøla, Fræna og Eide er utan straum.

Kraftselskapa har også ekstra beredskap utover natta og morgondagen.

– Det blir spennande å sjå. Vi er budde på at det kan bli problem, seier Gerhard Eidså, dagleg leiar i Istad nett.

Les også:

Ferjer og hurtigbåtar innstilte

Video Hyl og skrik over Breisundet

Hurtigbåtpassasjerane har hatt ein tøff dag. Dette er Tideekspress på veg frå Ålesund til Hareid. Foto: Linda Eikrem/NRK

Fleire ferje- og hurtigbåtruter over heile fylket er også innstilte.

Her finn de informasjon om trafikkforholda:

Lurer du på korleis vêret blir utover natta. Få informasjonen du treng på yr.no.

NVE har sendt ut varsel om femårsflaum i helga. Varselet gjeld for heile fylket, men det er på Sunnmøre det blir verst.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL