Hopp til innhold

Auka karakterkrav til sosialfaga

Høgskulen i Volda har send tilbod til 1256 søkarar i Samordna opptak. Det er ein auke frå i fjor. Også søkarar til Høgskulen i Molde og NTNU i Ålesund har no fått tilbod om studieplass.

Høgskulen i Volda

Over 1250 har fått tilbod om studieplass i Volda.

Foto: Brede Røsjø / NRK

I Volda kan dei registrere at også i år er det ein auke i søkinga til sosialfaga. Det har ført til heva karaktergrense og ei dobling av talet på søkarar som er på venteliste.

Også friluftsstudia kan vise til høge poenggrenser, medan det som tidlegare år er gode søkartal til mediefaga. Her kan Høgskulen i Volda i år tilby to ulike utdanningar i journalistikk, ein bachelor med spesialisering i tv/radio og ein med spesialisering avis/nett. Ved alle medieutdanningane er det ventelister.

Jacob Kjøde jr.

– Det er gledeleg at stadig fleire vel å utdanne seg i Volda, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Nokre ledige studieplassar er det framleis. Det gjeld nokre bachelor- og yrkesutdanningar, årsstudium og vidareutdanningar, går det fram av ei pressemelding.

– Vi har gitt fleire tilbod på grunnskulelærarutdanninga enn i fjor. Det er veldig gledeleg sidan karakterkravet i matematikk har auke frå tre til fire, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

Over 200 har søkt nettstudiet i norsk, og dette studiet får om lag 160 studentar. Også til samfunnsplanlegging og leiing er det gode søkartal.

Meir krevjande å kome inn

Ext. NTNU i Ålesund

Ved NTNU var dei spente på årets opptak, på grunn av samanslåinga mellom Trondheim, Gjøvik og Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Ved nye NTNU, som Ålesund har blitt ein del av, har opptakskrava blitt skjerpa for dei aller fleste studia.

I Ålesund er bachelor i nautikk framleis det mest populære studieprogrammet. Her kan skulen vise til over sju førsteprioritetssøkarar per studieplass. Ved hovudopptakter er det i år dessutan poenggrenser for alle studieprogram innan biologiske fag, og dei fleste ligg mellom 40 til 50 poeng.

– NTNU i Ålesund er svært fornøgd med årets tal frå hovudopptaket, seier konstituert studiedirektør Marielle Hauge.

Av totalt 47 000 søkarar, der nesten 23 000 hadde NTNU som førsteval, har nesten 15 000 fått tilbod om plass. Av desse 986 i Ålesund.

Logistikk er framleis på topp

I Molde har knapt 1 000 fått tilbod om studieplass. Det gjeld dei som har søkt grunnutdanningane, bachelor og årsstudiet.

Høgskulen i Molde

Fleire har vist interesse for helseutdanningane i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Til vidareutdanning og master er det sendt ut over 500 tilbod. Særleg til spydspissen logistikk, men også helse- og sosial, samfunnsendring, organisasjon og leiing samt idrettsstudiet har mange interessentar.

Til deltidsstudium er det også mange søknader og tilbod til sjuke- og vernepleie, eit nytt tilbod av året.

Samanlikna med tidlegare år er Samordna opptak om lag som i fjor. Men særleg helseutdanningane har større søkarmasse enn i fjor, medan det er mindre interesse rundt petroleumslogistikkstudiet i Kristiansund..

– Vi har likevel tru på at dette studiumet, i krevjande tider, kan gi kunnskap om både omstrukturering og effektivisering. Dei studentane som startar med dette no kan difor bli etterspurde når dei er ferdigutdanna, seier høgskuledirektør Gerd Marit Langøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL