Atter ei utsetjing for James Bond

Premieren på«No time to die», med norske scener frå Atlanterhavsvegen og Nittedal, er utsett igjen. Ny premieredato er 8. oktober, ifølgje den offisielle Twitter-kontoen. Daniel Craig-filmen har vore utsett fleire gonger på grunn av koronakrisa.

James Bond-filminnspeling på Atlanterhavsvegen.