Hopp til innhold

Atlanterhavsvegen i svensk musikkvideo

Svenske David Åhlén spelte i haust inn musikkvideo på Atlanterhavsvegen, og no er videoen ute.

Averøy

I haust vart det spelt inn musikkvideo på Atlanterhavsvegen, og no er musikkvideoen ute.

Foto: Roar Halten / NRK

Helen Komini Olsen var i haust prosjektleiar i Bolyst Averøy, og fekk då overtalt eit svensk filmteam til å komme til Averøy då det skulle spelast inn musikkvideo.

– Eg tykkjer musikkvideoen er ei utruleg fin visualisering av ei skjør, og rørande låt, seier Komini Olsen.

Regissør Ann Holmgren står bak videoen, og ho har mellom hatt visning av dokumentarfilmen sin Hejdå, halleluja på Tromsø internasjonale filmfestival i januar i år.

Komini Olsen seier det endelege resultatet av innspelinga frå Averøya blei som venta.

– Det vart det, for eg hadde god dialog heile vegen med regissøren om kva ho hadde ynskje om, og ho er ein utruleg flink og talentfull regissør som eg trur me kjem til å sjå mykje til framover.

Publisert hjå SVT

Atlanterhavsvegen som er kåra til verdas vakraste bilreise freista svenskane, og førre veke vart musikkvideoen til åta Linger av David Åhlén, lagt ut på SVT sine nettsider.

  • Her kan du sjå den ferdige videoen:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «David Åhlén - "Linger"» i nytt vindu

I videoen får ein sjå skodespelar Line Kristiansen Cancino, og for ho var det ei stor oppleving å spele inn videoen.

– Det er ikkje kvar dag at trafikken skal stoppast for at ein skal få gå med handlevogn over Storseisundbrua, det er vel ein gong i livet det, sa ho til NRK under innspelinga.

  • Sjå video frå innspelinga her:
No har musikkindustrien fått augene opp for Atlanterhavsvegen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL