Eit svensk filmteam har i dag stått opp i gryotta for å få med seg soloppgangen på Averøy. Det er melodien Linger av den svenske artisten David Åhlen som filmast. Ei handlevogn skal trillast opp Storseisundbrua, og dermed får ingen bilar passere.
Overtalte filmteamet
– Då eg høyrde låta, tenkte eg at Atlanterhavsvegen var den perfekte location, seier Helen Komini Olsen.
Ho er prosjektleiar i Bolyst Averøy, og har brukt overtalingskunst for å få teamet til å komme. Ho er sjølv utdanna filmregissør og inviterte teamet til filmfestival på Averøy. I tillegg til å spele inn musikkvideo skal dei undervise lokal ungdom i det å lage musikkvideo.
Reklame for bilar
Atlanterhavsvegen går i sikksakk over sju låge bruer og er åtte kilometer lang. Vegen er kåra til verdas finaste bilreiser av den britiske avisa The Guardians. Mange bilprodusentar har spelt inn reklamefilmar på Atlanterhavsvegen, men no er det musikkbransjen sin tur.
– Klart at ein musikkvideo vil vere ei kjempefin marknadsføring av Averøy og Atlanterhavsvegen, seier Komini Olsen.
Hennar håp er at fleire vil busette seg i kommunen etter at dei har sett videoen.