Hopp til innhold

Atlanterhavsparken blir barne-tv

Til hausten vil du kunne sjå ei rekke innslag frå Atlanterhavsparken på barne-tv.

Til hausten vil du kunne sjå ei rekke innslag frå Atlanterhavsparken på barne-tv.

Når ein kjem veldig nært på fiskane kan mykje spennande openberre seg. FOTO: Tor Even Mathisen og Jannicke Farstad.

Tord Knutsen i Kråkeklubben NRK Super

Tord Knutsen som er programleiar synest det er veldig spennande å lage barne-tv.

Foto: Tor Even Mathisen

Innslag til den populære barnetvserien «Kråkeklubben» på NRK Super blir produsert på Atlanterhavsparken i Ålesund om dagen. Programleiaren Tord Knutsen, som brukar å sjå nærmare på mykje forskjellig, studerer fisk og sjødyr i akvariet.

Til hausten vil du kunne sjå innslag frå Atlanterhavsparken i «Kråkeklubben», som er eit naturprogram for barn. Serien er vanlegvis produsert i Tromsø, og det er første gong at dei reiser til andre stader for å gjere opptak.

Produsentane bak «Kråkeklubben» meiner at Atlanterhavsparken i Ålesund har perfekte kulissar for serien deira. «Tords garasje» har tidlegare vore eit fast innslag i barneserien, har blitt lagt merke til i store delar av verda. Den har blant anna fått prisen Best Educational Preschool Tv i Japan og tok imot òg ein pris i München i 2014. Serien er selt til mellom anna Nederlandsk barne-tv.

Innslaga frå Atlanterhavsparken skal vere med i ein serie som heiter «Tords akvarium». Ragnhild Giæver, som har regi på serien, seier at denne tittelen kan endre seg.

Tord Knutsen i Atlanterhavsparken

Til hausten kan du sjå Tord Knutsen og Atlanterhavsparken på barne-tv.

Foto: Tor Even Mathisen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL