Hopp til innhold

Asylantar på veg til Ålesund

Det er venta 60 asylsøkarar til Ålesund rundt 1.september.

Utlendingsdirektoratet, UDI
Foto: Arkivfoto: Stian Lysberg Solum, Solum, Stian Lysberg / Scanpix

Det er klart etter eit informasjonsmøte mellom kommunen og leiinga i Hero, selskapet som skal drive asylmottaket.

Ragna Dahl Grønnevet
Foto: Aina Rødal / NRK

På møtet fekk rådmann Ragna Dahl Grønnevet ei oppdatering på kor langt arbeidet har kome.

- Dei er ikkje i mål med bustadbiten, men dei reknar med at rundt 1. september så kjem det mellom 50 og 60 personar, seier ho.

- Vi veit ikkje kven som kjem, kva type menneskje dette er, alder, familiesituasjon og den slags.

- Det veit ikkje Hero heller, legg Ragna Dahl Grønnevet til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL