- Ei piggdekkavgift ville gjere at folk tenker seg om ein gang til i valet mellom piggfritt eller piggdekk, seier Bjørlo.
Målingar som kommunen har gjort viser at ingen andre målestasjonar i landet har registrert dårlegare luftkvalitet enn i sunnmørsbyen.
- Det som er poenget er at det viser seg forureininga med vegstøv er større enn vi har trudd, og det må vi ta konsekvensen av, seier han.
Vil ta det opp så fort som råd
- Eg sit i miljø- og byutviklingskomiteen i Ålesund kommune, og eg vil ta opp dette på fyrste møte, fortel Bjørlo. Han legg til at det er ein sjanse for at dette kan bli tatt opp på bystyremøtet på torsdag denne veka i samband med klima- og energiplanen.
Målingane er eit samarbeid mellom Norsk Institutt for Luftforsking, Statens Vegvesen, Statens forureiningstilsyn og kommunen.
Med den høge luftforureininga som var i Ålesund sentrum i dag, blir allergikerar og peronar med hjarte- eller lungesjukdom oppfordra til å unngå å opphalde seg utandørs i desse områda.
Overraska
Folk på gata har ikkje visst at lufta dei pustar inn er så forureina:
- Nei det var overraskande, seier Roger Johnsen.
- Vi bur ute ved havet, ikkje i ei gryte slik mange andre byar er. Her bles det ganske heftig til tider, så det var veldig overraskande, fortel han. Johnsen er ikkje sikker kva han meiner om ei eventuell piggdekkavgift.
- Det er jo ein stad der ein av og til treng piggdekk, men vi får jo kortare vintrar, så kanskje er det greit. Kanskje er det ein motiverande faktor for å få folk til å gå over til piggfritt, meiner han.