Hopp til innhold

Langvarig dårleg luft

Lufta i Ålesund, Kristiansund og Molde har vore for dårleg i 10 dagar.

Dårleg luftkvalitet

Luftmålingane skjer i Postkrysset og på Grimmerhaugen i Ålesund. Desse gjeld for Ålesund, Molde, Kristiansund og Levanger.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Men lufta må ha vore dårleg i 35 dagar før kommunane må setje i verk tiltak.

– Dersom situasjonen forverrar seg, blir det vurdert å sprute saltvatn på vegane, der problemet er størst, seier Miza Begiz, fagleiar for trafikk og miljø i Ålesund.

Lufta i området blir målt i Ålesund. Målingane gjeld for både Ålesund, Molde, Kristiansund og Levanger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL