Hopp til innhold

Vil forby piggdekk

Tidlegare kommunelege i Ålesund vil ha forbod mot piggdekk i byen.

Video nsps_upload_2009_2_2_19_44_23_863.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Einar Røsaak

Tidlegare kommunelege Einar Røsaak vil forby piggdekk i Ålesund.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

- Med så lite frost og snø som vi har her synes eg at det kunne vi godt klart oss utan, seier Einar Røsaak, tidlegare komunelege i Ålesund.

Havluft

Han er overraska over at kystbyen Ålesund er ein av byane med dårlegast luftkvalitet i landet.

- Det er ein trekk frå havet gjennom byen heile tida, så det hadde eg ikkje trudd.

Mildveret dei siste dagane har smelta all snø frå gatene i Ålesund og vegstøvet blir ekstra plagsomt når det er lite vind. 75 prosent av bilane i byen køyrer med piggdekk.

Naturvernforbundet meiner også at piggdekka må ta ein stor del av skulda for den dårlege bylufta, men tek ikkje stilling til eit forbod.

Leiar i Natuvernforbundet Ålesund og Omegn, Kjersti Finholt

Kjersti Finholt i Natuvernforbundet Ålesund og Omegn vil ha færre bilar i bysentrum.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

- Det som er viktigast er å få færre bilar i byen, påpeikar leiar i Naturvernforbundet i Ålesund og Omegn, Kjersti Finholt.

Begrens bilbruk

Naturvernforbundet meiner at i staden for å planlegge nye vegar inn til byen burde det bli satt fokus på å begrense biltrafikken.

- Biltrafikk generelt er det som gjev dårleg luftkvalitet på grunn av utlsepp frå eksos, med nox og sot og støvpartiklar. Saman med vegstøvet som bilane virvlar opp blir det ekstra gale, seier Finholt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL