Kampen om leiarvervet stod mellom Aspli som fekk 66 røyster, og Svein Gjelseth frå Herøy, som fekk 40 røyster.
Ottar Kaldhol frå Ulstein tok ikkje attval etter å ha site i leiarstolen i to år.
Fogderistrid
Jon Ole Aspli var innstilt til leiar-vervet av valkomiteen, men under møtet vart Svein Gjelseth fremja som motkandidat.
Under debatten vart det klart at også fogderistriden kom inn i biletet, men til slutt vart Aspli vald til ny leiar.