Hopp til innhold
Nordøyvegen
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Arbeidsliv i Møre og Romsdal

  • Færre arbeidsledige enn i mars

    Ved utgangen av april var 4 254 arbeidssøkarar registrerte som heilt eller delvis ledige.

    Det er ifølge Nav 3,1 prosent av arbeidsstyrken og ein nedgang på 6,2 frå mars.

    Likevel er det ein auke i talet på langtidsledige sidan april i fjor.

    Lågast andel heilt ledige er det i Aure og Vanylven, medan berre Herøy og Hareid har høgare andel ledige enn landsgjennomsnittet.

  • Kan bli streik i industrien

    Fleire industribedrifter i Møre og Romsdal blir ramma av streik dersom Fellesforbundet og Norsk Industri ikkje blir samde i lønsoppgjeret i helga. Dei største bedriftene her i fylket som kan bli omfatta av streik er avdelingane til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, Brattvåg og Longva. Brunvoll sine avdelingar i Molde og Volda, Linjebygg i Molde, NOG People i Volda, Entec Brimer på Kvamsøya og Oss-Nor i Kristiansund. Til saman dreier det seg om rundt 700 industriarbeidarar. Kravet er mellom anna reallønnsauke og ei etter- og vidareutdanningsreform. Fristen for mekling er midnatt natt til søndag.

    Sveising
    Foto: NRK
  • Framleis låg arbeidsløyse

    Vel 4500 arbeidssøkarara var registrerte som heilt eller delvis arbeidsledige her i fylket ved utgangen av mars.

    Det utgjer 3,3 prosent av arbeidsstyrken, og Nav meiner arbeidsløysa framleis er låg.

    Vel 2500 er heilt ledige.

    Auken i arbeidsløysa er lågast blant dei under 30.

    Stadig fleire av arbeidssøkarane har innvandrarbakgrunn, og mange av dei er flyktningar frå Ukraina.

  • Antall ledige stillinger øker

    2,8 prosent av arbeidsstyrken var helt eller delvis arbeidsledig i Møre og Romsdal ved utgangen av februar i år, viser tall fra NAV. I tillegg er 0,5 prosent på arbeidsmarkedstiltak.

    Dette er en liten tilbakegang fra januar. Samtidig har antall nye ledige stillinger har økt.

    I februar ble det lyst ut 718 stillinger pr. uke. Det er det høyeste tallet på tilgjengelige stillinger i løpet av en måned siden 2021.

  • Auke i sjukefråveret

    Det legemelde sjukefråveret i Møre og Romsdal auka i fjerde kvartal frå 5,9 prosent i 2022 til 6,1 prosent i same periode i fjor.

    Tal frå Nav viser også at det framleis er ein auke i fråværet innan psykiske lidingar.

    Likevel er det flest tapte dagsverk innan muskel- og skjelettlidingar.

    Høgast fråvær er det i kommunal sektor med 7,8 prosent.

    Sjukefråveret er lågast i Sunndal med 4,6 prosent, så følgjer Herøy, Ulstein, Hareid, Rauma, Molde og Surnadal i midtsjiktet. Dei resterande kommunane står for dei høgste tala for sjukefråvær.

    Kart over sjukefråvær
    Illustrasjon: NAV

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL