Hopp til innhold

LO-sjefen tornar mot verfta: – Det er slaveliknande kontraktar

LO og Fellesforbundet reagerer kraftig på arbeidsforholda ved norske skipsverft. Arbeidsministeren varslar storreingjering i arbeidslivet.

Peggy Hessen Følsvik, leder i LO

LO: Peggy Hessen Følsvik er leiar i LO, som er den største organisasjonen for arbeidstakarar i Noreg.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Det er slaveliknande kontraktar. Det er fullstendig uakseptabelt at vi har det slik i Noreg.

Leiar i LO, Peggy Hessen Følsvik, omtalar rapporten om arbeidsforholda ved åtte verft som sjokkerande lesing.

I går offentleggjorde Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten resultata av «Operasjon verft» – eit to år langt tilsynsarbeid ved verft i Møre og Romsdal.

Arbeidet har avdekka grove lovbrot hos fleire av verfta sine underleverandørar.

Falske kontraktar, lønn på 30 kroner timen og jobb i vekevis utan éin fridag.

Det er fjorten år sidan reglane om likelønn kom på plass. Dei skal sikre at norske og utanlandske arbeidarar har same betaling.

Verfta er pliktige til sørge for dette.

Les også Bygget cruiseskip på Sunnmøre - forteller om timelønn på 30 kroner

En arbeider ved Vard Søviknes går langs kaia mot et skip.

Vard Søviknes er eitt av verfta der tilsynet avdekka fleire lovbrot. Vard er eigd av det italienske selskapet Fincantieri, og er Noregs største verftskonsern.

Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, besøkte verftet berre ei dryg veke før Arbeidstilsynet slo til. Han seier dei tillitsvalde på verftet då var skeptiske til lønn, arbeidsvilkår og buforholda til dei innleigde arbeidarane.

– Eg var overraska over kor mange selskap som jobba der. Etter at selskapet fekk italienske eigarar har dei basert seg på at hovudkjernen av arbeidarar skal vere innleigde. Dei kjem frå heile verda, seier Eggum.

– Vard har ei alvorleg oppgåve framfor seg med å rydde opp. Dette må dei ta på alvor. Om ikkje så har vi ikkje bruk for slike arbeidsgjevarar i Noreg. Det er utnytting av arbeidskraft på det grovaste, seier Følsvik.

Begge etterlyser strengare reglar for innleige av arbeidskraft.

Peggy Hessen Følsvik, leder i LO og Jørn Eggum, leder i Fellesforbundet

VONDT Å LESE: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og leiar i Fellesforbundet Jørn Eggum på Youngstorget i Oslo. Eggum seier han fekk vondt i magen av å lese rapporten om arbeidsforhold på åtte norske skipsverft.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Har rydda opp

Konserndirektør for HMS og kvalitet i Vard, Magne Bakke, seier dei sette i verk tiltak umiddelbart etter tilsynet for eit halvt år sidan.

– Arbeidstilsynet har fått fullt innsyn. Vi har fått stadfesta frå tilsynsmyndigheitene at vi oppfyller våre plikter ved å følge dei nye tiltaka. Det dei framleis har av opne saker er mot underleverandørar. Nokre av dei har vi slutta å nytte, seier Bakke.

Han meiner det ikkje har vore noko endring i tilsettingsforhold på bakgrunn av at konsernet fekk italienske eigarar.

– Verftsindustrien har alltid vore avhengig av samarbeidspartnarar frå inn- og utland. Det er ikkje tilgang til nok produksjonsarbeidarar i Noreg. Det seier seg sjølv at ein er avhengig av underleverandørar når bemanningsbehovet kan svinge frå 200 til 1000 i løpet av eit år.

Bakke er klar på at Vard prioriterer å rekruttere eigne arbeidarar.

– Det gjer vi sjølv i ein krevjande marknad. Vi er ei av bedriftene med flest lærlingar i Møre og Romsdal, seier Bakke.

Magne Bakke er Vard-konsernets direktør for HMS og kvalitet.

VARD: Konserndirektør for HMS og kvalitet i Vard, Magne Bakke, seier konsernet er avhengige av å leige inn arbeidskraft.

Foto: Roar Strøm / NRK

Advokaten til selskapet der arbeidarane fortalde om timelønn på 30 kroner har hevda til NRK at arbeidarane fekk rett lønn, gjennom doble lønnsslippar.

Meiner det ikkje er eit bransjeproblem

«Operasjon verft» har kontrollert åtte av rundt 70 skipsverft i Noreg.

Ved alle åtte verft blei det avdekka brot på arbeidsmiljøregelverket hos underleverandørar, har Arbeidstilsynet opplyst til NRK.

Likevel er administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, overtydd om at lovbrota ikkje er representative for heile verftsbransjen.

– Eg kjenner verfta og verftsleiinga. Mange verft har enklare oppdrag, med ei meir transparent kjede av underleverandørar. Så eg er ganske sikker på at dette ikkje representerer alle.

– Bør ein kartlegge heile verft-bransjen?

– Dette er ikkje toppen av eit isfjell. Det er eit unntak frå hovudregelen.

– Er du redd for at verft vil miste oppdrag på grunn av lovbrota som er avdekka?

– Nei, det er eg ikkje. Norske verft er generelt veldig dyktige, lovlydige og har kompetanse som både norske og internasjonale reiarar vil ha i framtida, seier Lier Hansen.

Stein Lier-Hansen er administrerende direktør i Norsk Industri.

NORSK INDUSTRI: Administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, meiner lovbrota som er avdekka ikkje er eit bransjeproblem.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Vil ha storreingjering i arbeidslivet

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier regjeringa vil stramme inn regelverket.

– Vi jobbar med mange tiltak som skal sørgje for ei storreingjering i arbeidslivet. Over sommaren kjem vi med ein handlingsplan mot sosial dumping, seier Persen.

Eitt av tiltaka er skjerpa reglar for å sikre at arbeidarar i hovudsak skal vere tilsett i den bedrifta der dei jobbar, ikkje innleigde frå underleverandørar.

Marte Mjøs Persen

VIL STRAMME INN: Arbeidsminister Marte Mjøs Persen understrekar at dei som leiger inn underleverandørar til Noreg har plikt til å følgje opp at arbeidarane jobbar på norske vilkår.

Foto: William Jobling

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL