Per Kristian Øyen i Arbeidarpartiet ønskte eit samarbeid med Høgre, men må bøye seg for fleirtalet i partistyret som meiner eit slikt samarbeid vil vere negativt.
Dagfinn Ripnes i Høgre seier til NRK at dei skal ha møte med Frp i ettermiddag for å diskutere samarbeidet.
Fintellinga av vallistene i Kristiansund viser at Venstre mangla berre ei stemme på å få tre representantar i staden for to. Det ville samtidig medføre at Høgre ville mist ein representant, og dermed også mist fleirtalet saman med Framstegspartiet, skriv Tidens Krav.
Det blir ikkje samarbeid mellom Høgre og Arbeidarpartiet i Kristiansund