– Vi veit ikkje kva pasienten lir av, og vi veit følgjeleg heller ikkje når han kan få behandling, seier overlege Frode Guldal.
Berre ut frå tilvisingsskrivet dei får om pasientane er sjukehuslegane pålsgde å gje ein juridisk frist for behandling. Guldal seier det er svært vanskeleg å avgjere når pasienten skal vere ferdig behandla ut frå berre det skrivet.
Frustrasjon
I eit brev til direktøren i Helse Midt-Norge tar ortopeden eit kraftig oppgjer med ventelistegarantien. Guldal seier at sjukehusa er svært flinke til å sende ut store mengder med papir til pasientane om kva rettar dei har, men det folk ønskjer seg er ein dato dei kan kome og snakke med ein spesialist. Det går ikkje så tydeleg fram av brevet pasientane får, og då blir folk frustrerte, seier overlegen.
Fryktar pasientflukt
Før legene har undersøkt pasientene er det umulig å gi en garanti. Derfor bruker Guldal å sette garantidatoen svært langt frem i tid, for å unngå å bryte han. Det resulterer i telefonstorm til avdelingane frå frustrerte pasientar, og at pasientar heller går til private sjukehus, trur Guldal.
Må legge inn tid
Stabssjef Per Holger Broch i Helse Midt-Norge sier at legane pliktar å gje både ein frist for undersøking og behandling med ein gong. Han er klar over problema, men seier at legane må legge inn det ei treng til undersøkingar i forkant av behandlinga.