Hopp til innhold

Brukte kyrkja til satirevideo om kvinneprestar - biskopen reagerer

Amatørskodespelaren Audun fekk låne både prestekjolar og den lokale kyrkja då han laga musikkvideo om motstanden mot kvinnelege prestar. – Uklokt, seier biskopen.

Satirevideo av Audun Gikling med fleire.

Det går heitt for seg i musikkvideoen om prestar som ikkje vil samarbeide med sine kvinnelege kollegaer. "Jentelus" - Satirevideo av Audun Gikling med fleire.

Saka om prestane som ikkje vil samarbeide med sine kvinnelege kollegaer, har vekt oppsikt både i og utanfor kyrkja. No kastar småskulelæraren og revyartisten Audun Gikling seg inn i debatten.

Nyleg spelte han inn video inne i Øksendal kirke på Nordmøre. Sjølv var han ikledd prestekjole og kors.

– Det skal svi litt, men tanken er god, seier Gikling.

Audun Gikling

Audun Gikling seier han er heilt usamd med dei som ikkje vil ha kvinnelege prestar, og at musikkvideoen er hans bidrag i debatten.

Foto: privat

I musikkvideoen får ein sjå ein mannleg prest som er negativ til kvinnelege prestar, men som har store problem med å motstå dei seksuelt.

Biskopen er ikkje fornøgd

Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, er ikkje glad for filmen, som ligg ute på YouTube. Ho blei først klar over innspelinga då NRK tok kontakt.

– Eg tenkjer at dette var ei veldig uklok vurdering og at kyrkjerommet ikkje kan brukast til ei satirisk innspeling, seier Midttømme.

Ho trur musikkvideoen blir oppfatta som både sårande og krenkande blant ein del kyrkjegjengarar.

Ingeborg Midttømme

Biskopen i Møre vil ikkje ha innspeling av satiriske videoar i kyrkja. Ho meiner kyrkja skal brukast til Guds ære og oppbygging for kyrkjegjengarane.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er strenge reglar for bruk av kyrkjeromma og prestekjolane i Den norske kyrkja. Her heiter det mellom anna: «Kirken er vigslet til bruk for gudstjenester og kirkelige handlinger og skal gjennom sin bruk tjene til Guds ære og menighetens oppbyggelse.»

Juridisk direktør Torbjørn Backer Hjorthaug i Kyrkjerådet vil ikkje kommentere den konkrete saka.

Allierte seg med soknepresten

Sokneprest Jan Fredrik Laskerud har sagt ja til utlån av Øksendal kirke og prestekjolane, og er sjølv statist. I musikkvideoen spelar han ein lege som forsøkjer å kurere presten som ikkje vil samarbeide med dei kvinnelege kollegaene sine.

– Eg støttar den frie kunsten. Vi må passe oss for å ikkje gjere fleire ting heilage enn dei som er det, seier han til NRK og legg til:

– Dersom eg har brote nokre reglar, så er eg lei for det, og eg skal aldri gjere det meir.

Han vedgår at han har fått både positiv og negativ respons på musikkvideoen «Jentelus», og seier han ikkje ønskjer å vere stygg med vikarpresten på Ørskog som nyleg gjekk av. Tidlegare denne veka blei han kalla inn på teppet av biskopen.

– Ville ikkje håne kyrkja

Tekstforfattaren sjølv seier at han ønskjer å delta i debatten om kvinnelege prestar, men at han ikkje ville såre nokon. Som barneskulelærar brukar han tid i klasserommet kvar dag på å snakke om likestilling og at alle er like mykje verdt. I kyrkja meiner han det er ekstra viktig å halde fram bodskapen om at det er plass til alle, både kvinner og menn.

– Det har aldri vore noko mål for meg å håne kristendommen eller kyrkja. Det er eit alvorleg tema, som eg har gjort på min måte, seier han.

Frå YouTube-videoen "Jentelus" av Audun Gikling med fleire.

Det går heitt for seg i musikkvideoen om prestar som ikkje vil samarbeide med sine kvinnelege kollegaer. Frå venstre: Eva Gikling, Andrè Hellum og Hege Lauritzen.

Foto: Trude Folde