Hopp til innhold

Mann hardt skadd i trafikkulykke

Ein polsk trailersjåfør er hardt skadd i ei trafikkulykke på Gjøra i Sunndal.

Trailerulykke Sunndal

Den polske sjåføren hardt skadd då han krasja inne i eit rasoverbygg på Grøa i Sunndal.

Eit polsk vogntog har krasja i eit rasoverbygg på Gjøra i Sunndal.

Den mannlege sjåføren er hardt skadd og er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Alvorleg skadd

Politiet fekk melding om ulykka på riksveg 70 like før klokka 11.00 torsdag føremiddag.

Det polskregistrerte vogntoget hadde vore på Sunndal aluminium og var på veg mot Oppdal.

Politiet opplyser at vogntoget fekk sleng før det hamna inn i rasoverbygget.

– Vogntoget har krasja i rasoverbygget. Sjåføren er alvorleg skadd, og vart sendt med ambulanse til St. Olavs, fortel innsatsleiar på staden, Lars Olav Melkild, til NRK.

Trailerkrasj Grøa

Politiet veit enno ikkje noko om kva som er årsaka til krasjet.

Foto: Hallgeir Nisja

Utfordrande køyreforhold

Melkild fortel om utfordrande køyreforhold i området.

– Det er snø og slaps i vegbanen, også delvis inn i rasoverbygget.

Politiet vil ikkje uttale seg om korleis vogntoget var skodd, og om det var rett utrusta for føret.

– Det vil etterforskinga vise. No skal vi snakke med vitne og undersøkje køyretyet.

Også eit anna vogntog var involvert i ulykka. Vogntoget køyrde inn i det polske vogntoget, men føraren skal ha kome unna ulykka utan fysiske skader.

Riksveg 70 var stengd ein kort periode, men er no open i eitt felt.

Trafikkulykke Gjøra

Riksveg 70 var stengd i ein periode etter ulykka.

Foto: Hallgeir Nisja

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL