Hopp til innhold

Allkunne feirar fem år i dag

Allkunne må bli meir samfunnsaktuelt, seier redaktøren. I dag er nettstaden Allkunne.no fem år og feirar med nylansering av nettstaden.

Allkunne

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel, redaksjonssekretær i Allkunne.

Foto: Gaute Øvereng / Allkunne

I dag er Nynorsk Kultursentrum sitt oppslagsverk på nettet, Allkunne.no fem år. Allkunne er eit aksjeselskap eigd av Nynorsk kultursentrum, som tek imot støtte over statsbudsjettet.

Dagen vert markert med nylansering av nettstad saman med over 170 gjestar frå Volda vidaregåande skule.

Opnar ny temaside om politikk

Det finst ti tusen nynorske artiklar i det digitale leksikonet på nynorsk, medan målet er 30 000.

Den ansvarleg redaktøren, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn seier nettstaden må bli meir samfunnsaktuell.

Derfor opnar Allkunne i dag ei eiga temaside for stortingsvalet, med ferske artiklar om dei politiske partia og anna politisk stoff, på nynorsk, sjølvsagt. Folk brukar internett for å få svar på ting, og no har mange spørsmål om valet, seier Rotevatn.

– Vi syns det er veldig viktig at det no i valkampen er tilgang til bra faktabasert stoff som er skrevet av fagfolk, som folk har bruk for når dei bestemmer seg for kva dei skal velje, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

– Lite faktabasert nynorsk på nett

Poenget med nettstaden er at folk skal kunne hente påliteleg informasjon på internett, også på nynorsk, seier Rotevatn.

– Vi veit at det finst lite nynorsk på internett, og enda mindre faktabasert nynorsk. Allkunne sitt oppdrag er å gi brukarane faktakunnskap på god nynorsk. Mange har spørsmål knytt til stortingsvalet, så no konsentrerer vi oss om det, seier Rotevatn.

– Kven er brukarane av nettstaden?


– Det er ein del studentar, elevar, lærarar, og folk flest slik som deg og meg, seier redaktøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL