– Akkurat no er den største utfordringa å få produsert nok, seier Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes AS.
I produksjonslokala i Sykkylven har dei rundt 1200 tilsetje meir enn nok å henge fingrane i.
Møbelprodusenten, som er Nord-Europas største, har bestillingar på møblar til ein verdi på over éin milliard kroner som skal leverast ut over hausten.
– Det har aldri vore produsert så mange Stressless-stolar ved bedrifta her som det er produsert kvar dag siste halvår, seier Ole Arne Ramstad, produksjonsdirektør i Ekornes.
– To år tilbake var Stressless-stolproduksjonen 900 stolar per dag. No er den på 1.300 per dag, seier han.
REKORDHØGT: Produksjonsdirektør i Ekornes, Ole Arne Ramstad, seier dei har ein rekordhøgt etterspørsel etter Stressless-stolar og sofaar.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRKKraftigaste auken på 10 år
Då landet stengde ned i mars i fjor, blei det stille hos fleire møbelprodusentar. Mange tilsette blei permittert.
– Då korona kom i 2020 var det først eit fall, seier Egil Sundet, bransjesjef i Designindustriens bransjeforeining.
Han får rapportar og tal frå alle møbelfabrikkane i Noreg.
Men plutseleg snudde det.
– Vi hadde ein eksportauke på over 11 prosent. Det var eit godt år. Vi har ikkje hatt ein slik auke på nesten 10 år. Det er eit markant positivt skifte, og den veksten vi såg i fjor har halde fram inn i dette året, seier han.
KRAFTIG AUKE: Egil Sundet, bransjesjef i Designindustriens bransjeforeining seier de ikkje har hatt ein sånn auking på nesten 10 år.
Foto: Norsk IndustriSlettvoll er ein annan norsk møbelprodusent som opplever ein kraftig auke.
Fabrikken ligg på Stranda på Sunnmøre, med utsal i 19 butikkar i Noreg, Sverige og Danmark.
– Vi har også ein rekordstor ordrereserve og har levert og produsert langt over normalen, eigentleg frå juni, juli 2020 og til no. Vi ser akkurat same utviklinga utover hausten. Og det same i butikk, seier administrerande direktør i Slettvoll Møblar, Bjørn-Helge Vik.
Han seier dei hadde ein vekst på 18,5 prosent i butikk i 2020, og så langt i 2021, ein auke på 40 prosent i butikkane.
SLETTVOLL: Fabrikken ligg på Stranda. Her lager dei stolar og sofaar.
Foto: Margaret De LangeTilsette jobbar i ferien, og fabrikken trenger fleire
I nabobygda Sykkylven har kvar fjerde tilsett i Ekornes har sagt seg villige til å utsetje ferien med ei veke på grunn av den høge etterspørselen.
– Det fortel om ein veldig stor lojalitet til bedrifta, seier Ramstad i Ekornes.
– Vi vil at det skal gå bra. Vi vil ha bedrifta her. Det er lojalitet til bedrifta, seier hovudtillitsvalt Industri Energi, Ekornes, Edvard Lie.
VIL AT DET SKAL GÅ BRA: Hovudtillitsvalt i Industri Energi, Ekornes, Edvard Lie, seier han kan jobbe i ferien.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKBedrifta har tilsett rundt 200 nye arbeidarar siste tida, men treng fleire.
– Vi må i alle fall ha 20–25 personar, seier Ramstad.
Mange har ønskt seg sofa og sittemøblar
Møbelprodusentane melder at dei har seld aller mest av sittemøblar, altså sofaer og stolar.
Og det har òg Finn.no lagt merke til. For det mest søkte ordet på heimesida i 2020, var sofa.
Tal frå juni i år viste det same.
– Heilt sidan pandemien slo til i fjor har vi sett at møblar og utemøblar og sofa og slikt er «kjempehot» blant det norske folket, seier kommunikasjonsrådgivar i Finn, Adele Blystad.
«KJEMPEHOT»: Kommunikasjonsrådgjevar i Finn, Adele Blystad, seier sofa er noko av det flest søker på.
Foto: Caroline Roka / FinnFleire har hatt heimekontor, og ho trur difor at fleire har lyst til å gjere det litt hyggjelegare rundt seg.
– Vi har sett at det har vore ein ganske stor auke i interessa blant folk, seier Blystad.