Møbelfabrikk tok inn 92 på prøvearbeid frå Nav – nesten alle fekk fast jobb

Ved Møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven er arbeidsledige frå Nav ettertrakta arbeidskraft. – Noregsrekord i inkluderande rekruttering, meiner Nav-direktør.

Ahmad Arabi syr møblar på Ekornes i Sykkylven.

HELDIG: Ahmad Arabi seier han er veldig heldig som fekk fast jobb i Ekornes.

Foto: PER KJETIL VÅTMYR / EKORNES

Ahmad Arabi køyrer full gass på symaskina.

– Eg er veldig heldig. Eg har jobba som skreddar i Syria, så dette passar meg veldig bra, seier han.

Han kom til Noreg i 2016. No syr han skinn til nye lenestolar på Sunnmøre.

– Som skreddar sydde eg klede, ikkje møblar, seier han lattermildt.

I februar 2020 fekk han seg fast jobb som operatør i Ekornes, etter å ha jobba der sidan desember 2019.

– Kona mi har også fått fast jobb på Ekornes. Det betyr at vi kan starte å spare pengar, seier han fornøgd.

Ahmad Arabi, syr møblar på Ekornes i Sykkylven.

GLAD: Både Ahmad og kona har fått fast jobb i Ekornes. No er planen å etablere seg i Sykkylven.

Foto: PER KJETIL VÅTMYR / EKORNES

Suksesshistorie

Ahmad Arabi er ikkje åleine. Ekornes har tatt i mot 92 personar på prøvearbeid det siste året, 87 av desse har fått fast jobb.

– Det er ei suksesshistorie, både for bedrifta, dei tilsette, Nav, og for samfunnet. Alle er vinnarar i denne situasjonen, seier Stein Veland i Nav Møre og Romsdal.

Stein Veland, direktør NAV Møre og Romsdal

NOREGSREKORD: Stein Veland i Nav Møre og Romsdal meiner Ekornes må ha sett Noregsrekord i inkluderande rekruttering.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Veland blir engasjert når han snakkar om prosjektet.

– Det må vere noregsrekord i inkluderande rekruttering. Vi kjenner ingen som har gjort det så godt.

Saman med Nav og flyktningtenesta i Sykkylven, har fabrikken henta inn arbeidslause.

Målet er at flest mogleg skal få fast jobb etter praksis.

– Vi har ei omfattande opplæring, så vi ønskjer at dei som startar her skal bli verande, seier Per Kjetil Våtmyr i Ekornes.

Der andre store selskap er heilt avhengige av å leige inn utanlandsk arbeidskraft, går dei motsett veg.

–Innleige er ikkje eit tema for oss. Vi har ingen innleigde på fabrikken. Fast tilsette gir oss stabilitet, seier Våtmyr.

Per Kjetil Våtmyr, Ekornes.

Per Kjetil Våtmyr er produksjonssjef i Ekornes.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Det er viktig at dei som kjem og får opplæring blir verande. Nav-direktøren trur dette betyr mykje for dei som søker jobb.

– Folk kjem ikkje berre inn for arbeidstrening, og så skal dei ut igjen. Det er folk dei skal tilsette. Eg trur det betyr mykje for Ekornes. Dei får gode og lojale medarbeidarar, seier Veland.

Framtidsplanar

For Ahmad Arabi har fast jobb ført til at han kan etablere seg Sykkylven.

– Eg og kona har ein plan om å kjøpe oss ei leilegheit i Sykkylven etter kvart, seier han.