Hopp til innhold

Kommunen heldt valkurs på kjøpesenter

I dag stoppa valfunksjonærar folk på kjøpesenter i Ålesund for å lære dei å stemme via internett.

Prøvevalg

Camilla Eimhjell får eit lynkurs i korleis ho skal stemme via internett under Stortingsvalet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Midt i kjøpesenteret Kremmergården har Tore Hals og to andre kommunetilsette rigga seg til med pcar på eit lite bord. Ålesund kommune er ein av 12 kommunar der veljarane til hausten får stemme digitalt. No vil dei lære opp folket.

– Det er vel kanskje ikkje rette dagen å finne veljarar på. Det ligg eit stort cruiseskip her på hamna og dei fleste som går i butikkar i dag, er spanjolar og italienarar, ler Tore Hals.

Han stoppar ein mann som ser skandinavisk ut, men som viser seg å vere svensk.

LES OGSÅ:

Lettare for funksjonshemma

Frå 25. juli og fram til 2. august kan ålesundarane prøve ut valsystemet på internett. Også under kommunevalet for to år sidan var Ålesund forsøkskommune for digitalt val. Då fekk Tore Hals tilbakemeldingar frå funksjonshemma som var glade for ordninga.

– For første gong i livet kunne dei stemme utan å måtte vere avhengig av skyss, seier Hals.

Overrumpla

Han speidar etter folk som kunne trenge opplæring og går målretta mot Camilla Eimhjell, som sit på kafe. Ho vert litt overrumpla over spørsmålet om ho vil prøvestemme, men blir med.

– Eg bur jo ganske nært eit stemmelokale, men det er jo lettvint å gjere det via internett, seier Eimhjell.

Ho har framleis ikkje heilt bestemt kva parti som skal få hennar stemme, men det slepp ho å tenke på i dag. Prøvevalet er berre fiktivt, slik at folk skal få nokre dagar på seg til å øve.

Dårleg nett

For å kunne stemme digitalt må veljaren logge seg på med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Camilla har med seg slik id, og får logga seg inn. Men ikkje alt går etter planen, og det stoppar plutseleg opp.

– Det må vere noko med internettilgangen. Alt skal verke, seier Tore Hals. Han fryktar ikkje at datakluss skal gjere at folk ikkje stolar på internettstemming.

Lett for reisande

Han meiner at internettstemming er eit kjempebra alternativ til dei alle innbyggjarane, men spesielt til som ikkje er i byen valdagen. Sjøfolk eller reisande får det mykje enklare.

– Ofte kan dei gå på ein utanriksstasjon, men då får dei ikkje gjere rettingar på stemmesetelen slik ein kan i vallokalet heime, seier Hals.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL