Hopp til innhold

Elevane måtte bruke treningsapp i gym, no får kommunen bot

Elevar ved to skular i Ålesund blei pålagt å bruke treningsappen Strava i kroppsøving. Grovt aktlaust, seier Datatilsynet og gir kommunen 50.000 kroner i gebyr.

Ålesund sentrum mot byfjellet Aksla.

Ålesund kommune godtar gebyret frå Datatilsynet. Det var foreldre som varsla, slik at bruken av treningsappen blei stansa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Lærarar ved to skular i Ålesund påla elevane å laste ned treningsappen Strava til kroppsøving.

Appen kan loggføre trening, løyper, hjarterytme og annan helseinformasjon. Opplysingane blir lagra og er å rekne for personopplysningar.

Datatilsynet seier at hendinga er alvorleg og at fråværet av rutinar blir sett på som grovt aktlaust.

– Det er viktig å gjere gode vurderingar for kva for risiko bruken av ein slik app fører med seg. Det har ikkje kommunen gjort i dette tilfellet, seier Bjørn Erik Thon i datatilsynet.

No må Ålesund kommune betale 50.000 kroner for brot på personverntryggleiken. Datatilsynet meiner norske kommunar ikkje er gode nok på personvern.

– Hovudinntrykket er at dei ikkje er gode nok på personvern og informasjonssikkerheit. Vi får for mange varslar om vedtak som er ganske alvorlege, seier Thon.

Gym i koronatid

Lærarane brukte appen for å sjekke at alle elevane fullførte oppgåvene dei fekk, til dømes å sykle ei bestemt strekning.

– Det å ha gymundervisning i koronatider skjøner alle er ei utfordring. Slik eg forstår det var sporingsfunksjonen som var vurderinga bak, seier tryggleiksansvarleg i Ålesund kommune, Åse Karin Gjære.

Ved å ta i bruk Strava kunne lærarane fylgje med på at oppgåvene blei utført under heimeskule.

Gjære seier at alle elevar og foreldre på dei to skulane det gjeld er informert.

Strava

Strava er ein treningsapp som lagrar mange personopplysningar.

Foto: Skjermdump / NRK

Røper hemmeleg adresse

Datatilsynet meiner at brotet på personverntryggleiken har medført at eleven har mist kontroll på opplysningar om seg sjølv og om andre har sett opplysningane.

Ved å sjå på start og slutt-tidspunktet på valde ruter kan ein sjå kor eleven bur. Dette kan vere eit problem dersom nokon bur på hemmeleg adresse.

Datatilsynet fekk melding om saka i mai.

Har tatt lærdom

Det var foreldre som vart uroa over bruken, og varsla kommunen. Ålesund kommune erkjenner feilen og godkjenner gebyret.

– Vi hadde ikkje rutinar på plass. Bruken av appen blei ikkje vurdert på førehand, seier Gjære.

Ho er glad for at foreldre varsla, slik at dei fekk stoppa bruken. Gjære meiner appar som Strava kanskje kan brukast av skular dersom visse funksjonar blir skrudd av, men ikkje slik det blei gjort her.

– Vi har eit spesielt ansvar for personvernet til barn og unge, og appar vi bruker i skulen skal vurderast grundig før bruk.

Kommunen har tatt lærdom av saka og er i ferd med å få på plass eit system der alle appar skal vurderast før dei blir brukt.

Kolvikbakken ungdomsskole

Det var elevar ved Kolvikbakken ungdomsskule og Vatne ungdomsskule som tok i bruk treningsappen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gode intensjonar

FAU-leiar ved Kolvikbakken skole, Kjetil Aarseth seier at skulen tidleg gjekk ut og beklaga det som hadde skjedd.

– Eg trur det var gode intensjonar bak, men at det ikkje har vore i tråd med regelverket, seier Aarseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL