Det føreslår konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers i ein rapport som vart lagt fram i dag.
Utgreiingsarbeidet har vore gjennomført av PricewaterhouseCoopers (PwC), i nært samarbeid med fagmiljøa i Helse Førde HF og Helse Sunnmøre HF.
Gravide kvinner frå Eid, Vågsøy, Selje, Stryn og Hornindal, der ein ventar ukompliserte fødslar, skal til Volda sjukehus på Sunnmøre, står det i forslaget.
– Urimeleg
Ordførar Sonja Edvardsen i Eid
Foto: NRK– Å begynne med store omveltingar, når vi har ei så flott og kvalifisert avdeling på Nordfjord sjukehus, er urimeleg. Det verkar som ein dårleg prosess, seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen.
Ved eit eventuelt samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde vil dei som ventar ukompliserte fødslar i kommunane Eid, Vågsøy, Selje, Stryn og Hornindal kunne overførast til Volda sjukehus.
Det er sannsynleg at nokre fødande gjennom Fritt Sjukehusval vil velje å føde i Førde framfor i Volda, særs vil dette kunne gjelde for fødande i delar av Stryn, står det i rapporten.
– Ei god løysing
Sjølv om mange nordfjordkvinner vil få 40 minutt lenger reisetid for å føde, meiner fagdirektør Hans Johan Breidablikk at dette er ei god løysing.
– Dette er ein modell som vil kunne ivareta dei fødande innafor ei rimeleg grad av nærleik. Reisetid til Volda, frå heile området, er ikkje i mine auge avskrekkande, seier Breidablikk.
Føde- og barselavdelinga i Volda har ledig kapasitet til å ta i mot pasientar frå Nordfjord sjukehus. Det medfører at sjukehuset i Volda kan få 200 fleire fødslar i året. Det kan bety redninga for det nedleggingstruga Volda sjukehus.
Samarbeid også i psykatrien
Lærdal sjukehus
Foto: unknown / NRKDet går også fram at det vil vere mykje å hente på at sjukehusa i Volda og Eid samarbeider om psykiatri.
For at det plalagde samarbeidet mellom dei to sjukehusa skal kunne gjennomførast, må det gjerast bindande avtalar mellom Helse Førde og Helse Sunnmøre.