Hopp til innhold

Lokalbefolkninga stoppa ferje for å hindre vindkraftutbyggarar

Vindkraftmotstandarar blokkerte ferjekaia på Haramsøya for trailertrafikk som skal frakte utstyr til omstridd vindkraftanlegg. Lastebilane måtte dra tilbake til fastlandet, og der blir dei i dag.

HARAMSØYA: Aksjonistar stoppar bilar på ferjekaia på Austnes frå å køyre på land.

I dag skulle Stangeland Maskin kome med den første lasten med utstyr til vindkraftanlegget på Haramsøya utanfor Ålesund.

Vindkraftanlegget er svært omstridd og lokalbefolkninga har protestert heftig mot byggeplanane.

Nærmare 20 aksjonistar møtte opp ved ferjekaia på Austnes og hindra trafikken i å køyre på land. Ferjesambandet blei mellombels innstilt.

Aksjonistane på Haramsøya

Aksjonistane på på ferjekaia på Haramsøya utanfor Ålesund. Det er åtte vindturbinar som skal bli bygd på øya.

Foto: Malin Korsnes / NRK

Måtte returnere til fastlandet

Lastebilane med utstyr kom seg aldri i land på øya, og måtte bli med ferja tilbake til fastlandet. Dei andre bilistane fekk kome i land, men ferja blei 20 minutt forseinka.

– Kapteinen gjekk i diskusjon med aksjonistane og fekk lov til å sette på land vanlege bilistar, men ikkje lastebilane, seier Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled.

Lastebil med utstyr tilbake på fastlandet Haram

Her er lastebilen tilbake på fastlandet, etter at aksjonistane hindra dei å kome i land.

Foto: Malin Korsnes / NRK

Ingen maskinar til øya i dag

Ifølgje politiet vil utstyret forbli på fastlandet ei stund, og det blir ikkje gjort nye forsøk på å få det ut til øya i dag.

– Det vil ikkje bli frakta nokon maskin ut der i dag. Vi vil få til ein dialog med lokalbefolkninga og utbyggarar, og forsøker så godt vi kan å halde ein låg og nøytral profil, seier operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad.

Operasjonsleder Per Åge Ferstad

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Politiet

Han seier dei har forståing for både aksjonistane og utbyggarane. Dei vil unngå å bruke makt, og vil berre gjere det i ytste konsekvens.

– Det er eit lovleg fatta vedtak dette her. Politiet har ei oppgåve her for at arbeidet skal kunne bli utført, seier operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad.

Visste ikkje om aksjonen

Det var lokalbefolkninga som tok initiativet til markeringa, og ikkje styret i aksjonsgruppa.

– Her har befolkninga sett i gong ein aksjon for å syne at dei oppfattar utbygginga som eit overgrep, seier leiar for aksjonen Nei til vindkraftutbygging på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar for aksjonen Nei til vindkraftutbygging på Haramsøya.

Foto: Malin korsnes / NRK

Kjerstad visste ikkje om aksjonen før i dag. Styret har bede befolkninga om å ikkje sette i gang aksjonar som er ulovleg eller sett liv i fare. Ho seier ho er trygg på at folk vil overhalde det.

– Så det som skjedde i dag var ikkje ulovleg, meiner du?

– Det må politiet svare på, men eg kan ikkje ta ansvar for anna enn det styret har bestemt, seier Kjerstad.

Ei sak for politiet

Dagleg leiar Olav Rommetveit i Zephyr, selskapet som bygger ut kraftverket, meiner at folk gjerne må få uttrykke det dei meiner, men likar ikkje måten lokalbefolkninga har demonstrert på i dag.

– Vi heiar på ytringsfridomen, men å stikke kjeppar i hjula for eit lovleg fatta vedtak, har vi ikkje sansen for. Vi håpar dei ikkje vil gjenta dette, seier dagleg leiar Olav Rommetveit i Zephyr.

– Kva gjer de vidare?

– Vi tar ein pust i bakken. Vi er i dialog med politiet, så får vi sjå kva vi bestemmer oss for. Dette er ei sak for politiet å rydde opp i, seier Rommetveit.

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit er dagleg leiar i Zephyr.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil stanse utbyggingar til klage er avgjort

Onsdag vil Sylvi Listhaug og tre andre Frp-politikarar fremme eit representantforslag i Stortinget. Dei ønsker å stanse utbygging av vindkraft, fram til rettsystemet har avgjort klagar på saker som kan bli avgjort av regjeringa, før nytt konsesjonssystem er behandla av Stortinget.

Sylvi Listhaug

Stortingspolitikar Sylvi Listhaug (Frp).

Foto: Fredrik Varfjell / Fredrik Varfjell

– I prosjekt kor det har vore lokal tilslutning, men forutsetningane er vesentleg endra, har dei ofte ikkje lenger lokal tilslutning. Dette gjeld til dømes Vardafjell, Haram og Tysvær vindkraftverk, står det i forslaget, signert stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug, Jon Georg Dale, Gisle Meininger Saudeland og Terje Halleland.