Aksjonistane hadde lenka seg fast og ville ikkje fjerne seg frivilleg. Politiet måtte difor klippe dei laus og bere dei vekk. Det gjekk likevel roleg og greitt for seg, seier politiet. Dei åtte blei frakta til politistasjonen i Kristiansund. Politiet vurderer å bøtelegge aksjonistane.
Aksjonistane hadde lenka seg fast til bommen på Vestbase. (Foto: Tone Rokstad)
– Vellukka
Leiar i Natur og Ungdom, Ane Hansdatter Kismul, meiner aksjonen var vellukka.
– Eg håper at dei som sit på Soria Moria no har fått med seg bodskapen, seier ho og strekar under at dette var ei politisk markering som ikkje skulle lage vanskar for dei som arbeider på Vestbase.
Kontroversiell leiteboring
Aksjonistane ville hindre klargjeringa av boreriggen "Eirik Raude". Riggen er på veg til leiteboring på det kontroversielle Goliat-feltet i Barentshavet.
Ane Hansdatter Kismul (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)
Goliat-feltet er kontroversielt mellom anna fordi det ligg berre 64 kilometer frå Finnmarkskysten, og eit oljeutslepp kan dermed nå kysten på berre halvanna døgn.
Stiller krav til ny regjering
Dersom den nye regjeringa startar arbeidet sitt med å tillate oljeboring i dette området, har dei lagt miljøambisjonane sine på eit lavmål, seier leiar i Natur og Ungdom, Ane Hansdatter Kismul.
Aksjonistane krev at ei ny regjering ikkje opnar Barentshavet for oljeverksemd, og at sårbare havområde får varig vern mot oljeverksemd som "petroleumsfrie område".
Får sympati frå Bjørn Jacobsen (SV)
Bjørn Jacobsen (Foto: Ivar Eidheim)
Oljeboring er ei hard nøtt for dei som er samla på Soria Moria. SV vil i utgangspunktet ikkje ha noko form for boring, medan Sp og Arbeidarpartiet er meir liberale.
Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen frå SV synest det er bra at Natur og Ungdom set makt bak krava om at det ikkje skal vere leiteboring i Barentshavet. Han er glad det blir sett fokus på temaet, men innser at dei truleg må inngå kompromiss i saka.