Hopp til innhold

Aksjonerer mot nedlegging av dagsenter

På under eitt døgn har over 1300 personar signert underskriftskampanjen for å berge dagsenteret ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter.

BUAS Sykkylven bu- og aktivitetssenter

Dagsenteret ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter er ikkje eit lovpålagt teneste. Derfor har kommunen vedteke å leggje det ned for å spare pengar.

Foto: Berit Flaten / Sykkylven kommune

Facebook-aksjon

Ei melding på Facebook var var nok til å skaffe dei underskriftene som trengst for å klage inn vedtaket til Fylkesmannen.

Foto: Skjermdump

– Det har gått over all forventning, initiativtakar Reidun Idland Velle.

Rask mobilisering

140 underskrifter var det som skulle til for å klage inn vedtaket om å leggje ned dagsenteret i Sykkylven. Men under eitt døgn etter at underskriftskampanjen vart lansert, har over 1300 personar signert oppropet.

Måndag føremiddag la Velle ut ei melding på Facebook der ho skildra korleis innbyggjarane i Sykkylven kunne engasjere seg i ein underskriftskampanje. Umiddelbart heiv folk seg rundt på arbeidsplassane, skulane, i gatebildet og på butikkane for å lage lister og spørje om folk ville signere.

– Eg er kjempefornøgd med innsatsen. Når vi har køyrt fram ei slik enkeltsak, så har det klart å skape storm og folk støttar oppom vedtaket, seier initiativtakaren.

– Vedkjem heile familiar

Reidun Idland Velle

Reidun Idland Velle har tru på at kampanjen vil kunne bidra til å berge dagsenteret ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter.

Foto: Privat

Stram økonomi gjer at kommunen må spare 4,5 millionar kroner i året, og stenging av dagsenteret er ein del av denne innsparinga. Ordførar Petter Lyshol (H) har tidlegare uttalt til NRK at tenesta ikkje er lovpålagt, og er derfor eit av tilboda som kommunen ser seg tvungen til å kutte.

Reidun Idland Velle trur kommunen ikkje har innsett kor mykje tenesta betyr for innbyggjarane.

– Eg trur politikarane har blitt tekne på senga. Dei tenkte nok at det kanskje ville bli litt bråk på senteret, men så har folk engasjert seg noko enormt. Mange har eldre i familien, og veit kor viktig tilbodet er. Dette vedkjem heile familiar, kommenterer ho.

Trur nedlegging kan hindrast

Velle trur at underskriftskampanjen vil kunne stoppe nedlegginga.

– Det viser eit enormt folkeleg engasjement som eg ikkje trur eit vanleg val i kommunestyret ikkje klarer å mobilisere, seier ho.

Aksjonsgruppa møter ordføraren tysdag ettermiddag for å drøfte saka.

Sjå TV-reportasjen om nedlegginga av dagsenteret:

Dei eldre som som brukar dagsenteret i Sykkylven tar det tungt at tilbodet forsvinn.
Vedtaket i kommunestyret er endeleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL