AaFK-tilhengarane meiner Normark ikkje har vore audmjuk nok, og ikkje innsett at laget var for dårleg til å overleve i Tippeligaen.
Stormenmedlem Kjell Ove Dyp er ein av aksjonistene som vil fjerne Normark. Han stadfestar at dei no jobbar for å kaste trenaren.
Gruppa har ikkje tillit til Normark fordi resultata manglar, og dei meiner Normark er for einerådande.
Stormen er delt
Aksjonistane får støtte for synspunkta sine hos leiinga i supporterklubben Stormen, men pressetalsmann Gunnar Ståle Langeland sier styret ikkje har tatt stilling til kva dei vil gjere i forhold til aksjonen.
Langeland trur kanskje 50-60 prosent av Stormen-medlemmene støttar aksjonistane.
Misnøye blant spelarane
Også i spelargruppa har det vore misnøye. Først og fremst fordi ein ikkje har knytt til seg fleire personar i trenerteamet og den sportslege leiinga i klubben, fortel talsmann for spelarane Erik Hoset.
Vil ikkje trekkje seg
Ivar Morten Normark gjer det klart at han ikkje vil trekkje seg som trenar, sjølv om tilhengjarane no gjer opprør.