Hopp til innhold

Nynorskbrukar føler seg uvelkommen på nett

Gunnhild Skjold må google på bokmål, for å finne det ho skal ha. I dag møtte kulturministeren teknologigigantane for å ta opp problemet.

Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom

Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom har fleire gongar opplevd at ho må ty til bokmål for å finne fram på Google.

Foto: Frida Pernille Mikkelsen/Norsk Målungdom

Leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold, seier det er vanskeleg å bruke nynorsk på nett. Og at små ting, som det at nettsider blir automatisk lasta opp på bokmål, gjer at det blir mindre naturleg for henne å bruke språket sitt.

– Du får alle desse signala om at det er unormalt, og det passar ikkje på internett. Det er ein kjip følelse å gå og kjenne på, at ein ikkje er velkomen.

Må google på bokmål eller engelsk

Eit døme Skjold har, er at ho skulle kjøpe seg ei korg, men fekk berre opp synthesizerar. Google skjønte ikkje at det eigentleg var ein «kurv» ho leitte etter.

Abid Raja

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja meiner det må bli betre tilbod for minoritetsspråk som nynorsk og samisk på nett.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Krev eit betre tilbod

Onsdag møtte kulturminister Abid Raja fleire store teknologiselskap, for å få dei til å satse på nynorsk og samisk.

– Vi opplever at brukarutstyret som finnast på Google og Microsoft ikkje er oppdatert, sånn at folk ikkje kan bruke skriftspråket sitt, seier Raja.

Han er oppteken av at folk i Noreg skal kunne google på både nynorsk og samisk.

Google har fått mykje kritikk for å ha for dårleg språktilbod. I februar i år gjekk 108 ordførarar saman og kravde eit betre tilbod på nynorsk frå Google. Grunnen var at mange skular nyttar seg av program frå selskapet, som ikkje fungerer like godt på nynorsk som på bokmål.

Google logo

Google seier dei jobbar for å ha eit godt tilbod for alle.

Foto: DENIS CHARLET / AFP

I fjor sommar truga også Microsoft med å fjerne nynorsk og 26 andre skriftspråk frå e-postappen Outlook.

Jobbar med å betre tilbodet

Google Noreg skriv i ein e-post til NRK at dei delar kulturministeren sine ambisjonar om å inkludere alle dei norske skriftspråka. Dei seier dei jobbar med å betre tilbodet sitt på nynorsk og samisk.

Teknologidirektør i Microsoft, Shahzad Rana, seier at så vidt han veit, vart ikkje dei 27 språka fjerna frå e-postappen Outlook. Han seier dei jobbar for å ha eit tilbod for alle.

Teknologidirektør i Microsoft Norge, Shahzad Rana

Teknologidirektør i Microsoft Noreg, Shahzad Rana, seier dei er opptekne av å ha eit godt tilbod også til minoritetsspråk.

Foto: Jan O. Kiese/Microsoft

– Når det gjeld både bokmål, nynorsk og samisk, så har microsoftprodukta nær sagt i alle år vore tidleg ute med støtte for det, seier Rana.

Trur ikkje på endring med det første

Trass i at kulturministeren har møtt fleire av teknologigigantane for å skaffe eit betre tilbod for minoritetsspråka på nett, og at teknologiselskapa seier at dei vil gjere noko med det, har ikkje leiaren i Norsk Målungdom trua heilt endå.

– Du ser jo igjen og igjen at både selskap og staten sjølv seier veldig mange fine ord om at nynorsk er viktig, og at dei skal skjerpe seg. Det er litt sånn at ein trur det ikkje før ein får sjå det, seier Skjold.

Men ho håpar at selskapa følgjer opp med å levere eit godt nynorsktilbod.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL