Hopp til innhold

Stor ordførarprotest mot Google – vil at elevar får eit betre tilbod på nynorsk

ULSTEINVIK (NRK): Elevar og lærarar opplever at rettskrivingsprogrammet frå Google er meir forvirrande enn det er til hjelp for dei som skriv nynorsk. No krev 108 av landets kommunar eit betre tilbod frå teknologigiganten.

Ludvik Holstad Walaunet syns det er dumt Google ikkje har nynorsk som visningsspråk.

DUMT: Ludvik Holstad Walaunet syns det er dumt Google ikkje har eit betre tilbod for nynorskbrukarar.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

På Ulsteinvik barneskule har elevane i 6. klasse leita opp leksene sine på Cromebooken, Google si eiga datamaskin. Dei er ein nynorskskule, men operativsystema til Google kan dei berre få på bokmål.

– Eg syns det er dumt. Då lærer vi ikkje nynorsk like bra, seier Ludvik Holstad Walaunet, som går i 6. klasse.

Det er mogleg å velje nynorsk som retteprogram i Chromebook, men det fungerer dårleg ifølgje Walaunet.

– Når eg vel nynorsk som det språket eg skal skrive på, så byter den om til bokmål uansett.

Ludvik Holstad Walaunet.

GOOGLE: Ludvik Holstad Walaunet og resten av klassa brukar Google sine produkt kvar dag.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Læraren opplever at rettskrivingsprogrammet er meir forvirrande enn det er til hjelp.

– Du får opp raud strek når du eigentleg har skrive rett ord. Den funksjonen fungerer ikkje godt nok i det heile tatt, seier lærar, Ole Terje Sukka.

– Microsoft har løyst det, det burde Google også klare

Nettopp dette ønskjer 108 ordførarar frå fylkeskommunar og kommunar og gjere noko med. Dei har sendt brev til Google der dei krev eit betre nynorsktilbod.

– No må Google ta seg saman. Dei må klare å levere programvare til norske skular på nynorsk, slik at barn og unge får undervisingsmateriell på sitt eige skriftspråk, seier ordførar i Stad kommune i Vestland, Alfred Bjørlo.

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo

TA SEG SAMAN: Alfred Bjørlo er ordførar i Stad kommune. Han meiner det er på sin plass at Google gir eit betre tilbod til nynorskbrukarar.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Det er allereie eit krav at lærebøker som blir brukt i undervisingssamanheng skal vere tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål, det bør også gjelde dei digitale verktøya, meiner Bjørlo.

– No er vi på full fart inn i ei ny digital framtid, og dette veit vi er lett for Google å fikse. Microsoft har løyst dette, då må Google også kunne levere på same måte.

Med det meiner Bjørlo at blant anna Microsoft sitt rettskrivingsprogram fungere mykje betre på nynorsk enn Google sitt.

Det er Innlandet, Vestland, Vestfold og Telemark, Rogaland og Møre og Romsdal fylkeskommune som har signert brevet, saman med ein rekke andre kommunar.

– Nynorsk er eit språk som er stort nok og har mange nok brukarar til at det burde det vere ei sjølvfølge for Google, at dei også leverer tilbod på nynorsk.

Google vil ikkje gjere endringa foreløpig

Google seier i ein e-post til NRK at dei ikkje kan endre visingsspråket til nynorsk foreløpig.

– Vi jobbar med å legge til fleire språk i tilbodet vårt, men når det gjeld verktøya som vil tilbyr som ein del av G Suite for utdanning, kan vi ikkje auke støtta for nynorsk, seier Andrea Lewis Åkerman, fungerande kommunikasjonssjef Google Noreg.