Hopp til innhold

Abid Raja vil møte datagigant om nynorsk

Microsoft skal fjerne nynorsk og 26 andre skriftspråk frå e-postappen Outlook. No ber kulturminister Abid Raja (V) om eit møte med teknologigiganten for å få dei til å snu.

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

VIL BE OM MØTE: Kultur- og integreringsminister Abid Raja ber Microsoft om eit møte om kvifor dei blant anna kuttar ut nynorsk frå e-post appen sin.

Foto: Ilja C. Hendel

Statsråden støttar dermed eit opprop som har kome frå Vestland og Møre og Romsdal fylke om at Microsoft skal snu i saka om å fjerne nynorsk i Outlook-appen for iPhone og iPad.

– Store marknadsaktørar som Microsoft har mykje makt, og eit stort samfunnsansvar, seier Raja til NRK.

Han peiker på at det er viktig for det norske språket at tenester staten brukar også støttar opp om og gir eit likeverdig tilbod til begge målformene i Noreg.

– Eg vil invitere Microsoft til eit møte og oppfordre dei til å på sitt vis å sikre posisjonen til norsk språk. Det inneber å ta omsyn til nynorsk spesielt, seier Abid Raja.

Vil ha tilbake nynorsk i appen

Microsoft har avgjort at 27 språk skal bli fjerna frå outlook-appen for iPhone og iPad-brukarar i slutten av juni. Blant desse språka finn ein islandsk, urdu og nynorsk.

Både Vestland og Møre og Romsdal fylker meiner teknologigiganten bør trekke tilbake endringa dei gjer.

– Vi syns at store teknologiselskap også har eit ansvar for å ta vare på minoritetsspråka i verda, seier Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar i kulturutvalet i Møre og Romsdal.

Marit Nerås Krogsæter

GLAD: Marit Nerås Krogsæter (Sp) er glad for at dei no får støtte frå kulturministeren.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Begge fylka har vedteke gjennom fylkestinget at dei vil kjempe for å få Microsoft til å snu.

– Vi ber Microsoft om å ombestemme seg. Språket er ein viktig del av vår identitet, spesielt når vi no blir heildigitaliserte i kvardagen vår, seier gruppeleiar for Vestland KrF, Trude Brosvik.

Trude Brosvik

IDENTITET: Trude Brosvik (KrF) seier nynorskbrukarar er vand med å slost for å vere i dei kanalane nynorsken bør vere. Og håper på at Microsoft vil snu.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Men å kjempe mot ein av verdas størst teknologileverandørar er ikkje enkelt. Med Abid Raja på laget, håper dei to fylka at dialogen kan verte lettare.

– Det er strålande at Abid Raja er med på laget. Eg trur det vil gi saka vår ei større tyngde at ein statsråd står med oss i kampen mot Microsoft, seier Krogsæter.

Borsvik syns også det er veldig fint at kulturministeren er raskt på ballen.

Vil skape ein samanheng

Språka forsvinn frå Outlook-appen i slutten av juni. Då vil dei som har nynorsk eller eitt av dei andre 26 språka som visingsspråk, automatisk få engelsk tekst.

– Vi gjer dette for å skape ein samanheng på tvers av Microsoft 365- appar for iOS, seier talsperson for Microsoft Noreg, Tone Kjensmo.

Om dette også vil påverke språkvalet i andre tenester Microsoft tilbyr, kan ikkje Kjensmo svare på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL