Hopp til innhold

Aalesund vant 2 - 1 mot Tromsø

Andre seier på rad for AaFK. Laget gjekk seirande ut av kampen mot Tromsø IL på bortebane. – Vi er ekstremt fornøgde, seier Trond Fredriksen.

Selvmål antonsen

Det var ein gledeleg seier for AaFK i kveldens kamp.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Aalesund vinner 2-1 etter ein svært god fyrsteomgang. Dei tok raskt leiinga etter berre fire minutter ut i spelet.

– Vi er ekstremt fornøgde her vi sit i bussen på veg mot hotellet, seier AaFK-trenar, Trond Fredriksen.

Trond Fredriksen

Trond Fredriksen er svært fornøgd med resultatet frå kveldens kamp, der stillinga vart 2-1 til AaFK.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I andre omgang prøvde Tromsø å angripe, men makta ikkje å snu spelet. Tromsø hadde mange målsjansar, men med ein god keeper hos Aalesund held bortelaget på stillinga gjennom heile kampen.

– Tromsø er ikkje noko betre fotballlag enn at det er fullt mogleg å slå dei, så med ein god prestasjon så visste vi at vi kunne skape trøbbel. Det gjorde vi også, seier Fredriksen.

Dette var ein viktig kamp for Aafk, som no har teke tre svært viktige poeng.

– Vi har vunne to kampar på rad, men vi er i ein tøff tabellsituasjon. Det hjelper likevel mykje på å vinne både mot Tromsø og Lillestrøm.

Det er 11 kampar igjen og AaFK må kome seg over 30 poeng for å vere sikra.

– Vi har framleis ein solid jobb framføre oss.

Til helga møtes Ålesund og Molde, og Fredriksen ser ikkje vekk i frå at det kan bli seier då også.

– Eg håpar ein kvar sunnmøring vil kome å dele det øyeblikket med oss. Det er alt for lenge sidan vi har slått Molde, så no er det på tide at vi gjer det.

Trond Fredriksen
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix