–Vil kome med innspel
I går kom fiskeriminister Svein Ludvigsen med tiltak for å betre lønsemda i fiskerinæringa, og inviterte til brei debatt om dette. Sorthe synest det er bra at Ludvigsen lovar diskusjon.
–Vi skal sjølvsagt stille opp i den grad han ønskjer det og kome med våre innspel og våre råd på korleis vi skal få fiskerinæringa opp og gå på ein skikkeleg måte, seier Sorthe.
Svein Ludvigsen (Foto: Scanpix)
Frykta store lovendringar
Det var knytt stor spenning til kva Ludvigsen kom til å kome med når det gjaldt tiltak for å modernisere og betre lønsemda i fiskerinæringa. Lufta gjekk litt ut av ballongen i går, då han i staden for å bruke storslegga på gamle lovar og reglar, opna for meir debatt og oppretta ei såkalla referansegruppe.
For fiskarane har frykta at Ludvigsen skulle gå inn for å endre deltakarlova på ein slik måte at landindustrien fekk fordelar på bekostning av fiskarane. Det var også frykt for at Ludvigsen skulle gå inn for å fjerne Råfisklova som i dag gir fiskarane einerett på førstehandsomsetting av fisk.
–Fornøgd
Endringar blir det likevel, men ikkje utan grundig diskusjon fram til neste vår. Sorthe er nøgd med at Ludvigsen ser ut til å dempe reformviljen, for Sorthe meiner desse lovane er svært viktige for norske fiskarar.
–Vi er heilt overbeviste om at det er det som skal til – å verne om dei – for at fiskeria også skal vere berekraftige i framtida, seier Ole Morten Sorthe.