Hopp til innhold

Opnar dørene for alle som vil selje lokalmat: – Har veldig trua på at dette er berekraftig

Eit nytt konsept i lokalbutikken skal hjelpe lokale matprodusentar å få selt produkta sine.

Astrid Regine Nässlander med kort mørkt hår og eit grått sjerf rundt halsen. Ikledd raud og mørk mønstrate strikkargensar står ho inne i ein fjøs omringa av kyr.

Sist veke opna Nordodden SA eigen avdeling for lokalmat. – Det har vore utruleg festleg, seier Astrid Regine Nässlander.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

I 2023 vart det omsett lokalmat for 12 milliardar kroner i 2023. Og innan 2035 har regjeringa eit mål om å omsette lokalmat for 25 milliardar kroner.

– Det blir meir og meir fokus på lokalproduserte varar. Dette er noko folk vil ha meir av, seier Arve Einar Iversen.

Han er dagleg leiar i Nordodden SA, eit lokalt samvirke i Steigen kommune i Nordland.

Over lang tid har debatten gått om bønder får nok pengar for varene dei produserer og sel til daglegvarehandelen. Desse aktørane har blitt ofte skulda for å vere eit fordyrande mellomledd.

I Steigen meiner dei at dei har funne ei løysing som skal gagne både forbrukarar og bønder.

Nordodden er det første faste utsalsstaden i Nordland som sel råvarer og lokalmat direkte frå bønder og Nortura til kundane.

– Altså det første utsalet som handlar direkte med Nortura utan å gå igjennom mellomledd. Vi ønskjer å løfte fram dei nordnorske produkta frå bonden si eiga merkevare, Gilde. Også er det lokalmat frå heile regionen, seier lokalmatgründer og prosjektleiar for Landbruksprosjektet i Nord-Salten, Astrid Regine Nässlander.

Åpning av Nordodden SA i Steigen. De ha nå en egen avdeling som kun skal selge kortreist, lokalprodusert mat, og da først og fremst produkter som er framstilt i kommunen.

Fullt hus under opninga av Nordodden si avdeling for lokalmat sist veke.

Foto: Astrid Regine Nässlander

I den nye avdelinga i butikken er det fokus på nordnorske produkt.

Dei sel poteter, fiskeprodukt og lefser frå Steigen, øl frå Engeløya, honning frå Bodø, ost og sennep frå Beiarn og salt frå Saltstraumen.

Les også Bonden fikk 850.000 kroner for å slakte verpehøner: Nå er det eggemangel før påske

Eggebonde Elin Olea Heggnes i Grane på Helgeland.

Prisen er den same

Etter mange år med oppsving, har salet av lokal mat snudd det siste året. Tidlegare har NRK fortald at nordmenn vel bort lokalmat når prisen på mat stig i daglegvarebutikkane.

– Ei kjend problemstilling for lokalmataktørar er at butikkane legg på så mykje at produktet ikkje sel, seier lokalmatgründer Astrid Regine Nässlander.

Men i denne butikken gjer dei noko med akkurat det.

Prisen på lokalmaten er den same som elles, forskjellen er at lokalmatprodusentane har moglegheit til å sitte att med ein større forteneste. Det er fordi påslaget til Nordodden er lågare enn det som andre normalt krev, ifølge Nässlander

Det stadfestar også dagleg leiar i Nordodden, Arve Einar Iversen.

– Det er for at det skal bli lettare for dei som produserer og at dei skal sitte att med litt meir sjølv, seier han.

Lokalmat er berre ein del av butikkutsalet, så Iversen seier at dei ikkje treng eit stort påslag.

– Så kan kanskje dette føre til at fleire har lyst til å starte og produsere lokalmat og kan tene litt pengar på det.

Astrid Regine Nässlander framfor en grill sammen Arve Iversen og Hans Einar Stendal på Nordodden SA.

Dagleg leiar Arve Einar Iversen seier dette berre er byrjinga og håpar dette skal få fleire til å produsere lokalmat. Her står han saman med eldsjelene Hans Einar Stendal og Astrid Regine Nässlander.

Foto: Privat

– Kjempebra tilbod

I dag må lokale matvareprodusentar bruke mykje tid på å stå i eigne utsal, og det er ikkje alle kundar som finn dette utsalet.

– Vi er her kvar dag, og har laga oss eit lite torg inne i butikken, så får folk tak i varene.

Les også Sel sokkar fra Calvin Klein som nordnorske produkt

«Local by Bodø» konsept på Bodø Lufthavn

Ei av dei som sel fiskeprodukta sine her er Helga Karlsen. Ho lagar blant anna fiskekake, fiskeburgar, fiskegrateng og vårrullar med hyse i. Sistnemnde gjekk det fort tomt for då avdelinga opna sist fredag.

– Det er eit kjempebra tilbod dei har fått til her.

Ho trur dette er eit tilbod som kjem til å vare. Ei auka interesse for lokalmat og at lokalbefolkninga er flinke til å støtte opp om slike prosjekt, er grunnen.

– Det er verkeleg liv laga, seier Karlsen, og legger til:

– Lokalmat er kjempeviktig. Det set litt meir fokus på alle råvarene ein har i nærleiken.

Helga Karlsen lager mange hjemmelagede fiskekaker som hun selger direkte til kunder eller på Nordodden.

Helga Karlsen lagar mange heimelaga fiskekaker som ho sel direkte til kundar og no hos Nordodden SA.

Foto: Privat

Går mot straumen

Nina Sundqvist er administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat. Ho jublar over modellen dei har fått til i Steigen.

Det er full jubalong for alle som bidreg til å få fram lokalmat til forbrukarar. Full applaus for det. Det er uvanleg at ikkje denne aktøren tar noko særleg påslag. Alle som er med i denne verdikjeda, skal jo tene litt pengar. Og det syns eg også butikken skal.

Men ein kan jo vurdere kor mykje, som dei må ha gjort her, legg ho til.

Nina Sundquist, adm dir i Stiftelsen Norsk Mat

Nina Sundquist i Stiftelsen er nøgd med at det politiske ambisjonsnivået er å omsette lokalmat for 25 milliardar kroner innan 2035. – Vi har all grunn til å vere stolte av maten vår, seier ho.

Foto: Stiftelsen Norsk Mat

Sundquist er ikkje i tvil om at det er betalingsvilje der ute for lokal mat. Men sjølvsagt til eit visst punkt.

I fjor opplevde vi ei auke i omsetning. Men volumet var gått ned. Det betyr at ein har sett prisen opp, og så har volumet gått ned. Det dei gjer i Steigen er eit eksempel mot straumen.

Samtidig er ho optimistisk for framtida.

Undersøkingar viser at forbrukarar ønskjer å kjøpe lokal mat. Dei ønskjer å støtte lokale arbeidsplassar, anten det er bønder eller det er industriarbeidsplassar, som ofte ligg i distrikta, eller også i nærbutikken. Alt heng saman.

Les også Tine skal lage yoghurt med importert mjølk – får likevel behalde Nyt Norge-merke

Bonde Margrethe Moe i fjøset

Held dette seg?

Både Nässlander og Iversen trur dette tilbode held seg.

– Eg har veldig trua på at dette er berekraftig, seier Iversen.

– Vi ønskjer å jobbe vidare og vere litt strategisk på korleis vi skal handtere dette vidare, seier Nässlander.

Ho er ikkje bekymra for sommarsesongen, då bruker den vesle kommunen å vere godt besøkt. Det er i lågsesongen tilbodet får prøvd seg.

– Vi må prøve å vere litt smart for å sørge for at det blir nok omsetning slik at det blir ei berekraftig løysing, også i eit økonomisk perspektiv.