Kaldt og vått
I tett regn, og med låge temperaturar fekk hutrande turistar eit glimt av norske fjordar og fjell i morgontimane. Fjelltoppane har dei så langt ikkje fått sett så veldig mykje av, for skodda låg lågt ned i fjella i indre strok i dag.
Queen Mary 2 passerte Ljøen i Storfjorden like før klokka 8. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.
Folkehav
Ei stor pulje turistar er no i ferd med å bli tatt på land frå skipet. Dei skal reise til Geiranger landevegen, via Stryn og Grotli. Klokka 10 i dag dreg skipet til Geiranger, der det frå 12-tida er venta eit folkehav utan like.
Overnatta på fjellet
I Geiranger er alle hotellrom og hytter leigde ut. Folk har til og med kome frå utlandet berre for å få sjå "Queen Mary 2" i norske fjordar. I natt er det også folk som har overnatta i telt i høgfjellet over Geirangerfjorden for å få det beste utsiktspunktet når verdas største turistskip kjem inn fjorden.
Stort skip
I kveld kjem skipet til Ålesund, saman med ein armada av småbåtar. Hamnekapteinen i Ålesund, Svein Aune, oppmodar alle båtførarar som vil sjå "Queen Mary 2" om å halde ein avstand på minst hundre meter.
Aune reknar med at svært mange kjem til å møte opp for å sjå båten. Cruiseskipet er 343 meter langt, og propellane på den ruvande båten gir sterk straumføring. "Queen Mary 2" er verdas lengste, verdas høgste, verdas breiaste og verdas dyraste turistskip.
I Geiranger ventar småbåtfolket på Queen Mary 2.