Hopp til innhold

Overlege: – Nokre av cruisepassasjerane er for sjuke til å reise

Overlege i Ålesund ser at alvorleg sjuke drar på cruise for å oppleve Noreg før dei døyr. Fleire av dei hamnar på sjukehus.

Ambulanse og cruiseskip på Nordfjordeid

Cruiseskipa har lege og helsepersonell om bord, men det er ikkje alltid nok og då blir passasjerar henta i ambulanse.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vesle Ålesund er ein stor cruisedestinasjon og det merkar sjukehustilsette godt sommarstid.

– Mange seier direkte til oss at dei er på si siste reise. Dei har eit ynskje om å sjå norskekysten, seier overlege ved sjukehuset i Ålesund, Jørn-Åge Longva.

Berre på hans avdeling blir 30–40 cruisepassasjerar innlagt kvar sommar.

Reiser med alvorleg kreftsjukdom

– Dei fleste som blir innlagt er så sjuke at dei må avbryte cruiset. Nokre er så alvorleg sjuke at dei blir sendt til heimlandet i respirator, seier overlegen. Det hender også at pasientar døyr.

Ifylgje Longva er mange av dei som hamnar på sjukehus eldre og har alvorlege diagnosar frå før, som langtkomen kreft, lungesjukdom eller hjartesvikt. Ofte blir han og kollegaene overraska over kor skrøpelege enkelte er. Når ein er alvorleg sjuk frå før, er det lett å pådra seg akutte infeksjonar, slik som lungebetennelse og urinvegsinfeksjonar.

Også andre utanlandske turistar blir innlagt på sjukehus, men Longva opplever at cruiseturistane skil seg ut, nettopp fordi dei ein del har kronisk sjukdom frå før.

Jørn-Åge Longva

Jørn-Åge Longva er overlege ved medisinsk avdeling på sjukehuset i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Må skrive helseerklæring

Geir Kronbæck er general manager i cruiserederiet Royal Caribbean og han seier at passasjerane som bestiller cruise hos dei, må skrive under på ei eigaerklæring om helsetilstanden. Skipa har også helsepersonell om bord som gjer ei evaluering for å sikre at personen er skikka til å vere med på cruiset.

– Biletet overlegen teiknar kjenner eg meg ikkje att i. Det kan skje i enkelte tilfelle at folk blir sjuke, men eg trur ikkje det er fleire cruiseturistar som treng medisinsk hjelp enn det er i befolkninga generelt, seier Kronbæck.

Han meiner det er ei myte at cruiseskipa er full av eldre folk. Hos Royal Caribbean er gjennomsnittsalderen om lag 40 år.

Geir Kronbæck

Geir Kronbæck hos Royal Caribbean seier at hos dei må passasjerane skrive under helseerklæring.

Foto: RCL Cruises

Fleste er i god form

Også i Flåm er det travle dagar på cruisekaia. I løpet av sommaren hamnar nokre av cruisepassasjerane på sjukehus og hamnesjef Jostein Bergset seier at det er store variasjonar alt etter kva skip som legg til kai. Enkelte av skipa er tilrettelagt for barnefamiliar og andre har langt høgare alder på passasjerane.

– Vi har nokre sjukehusinnleggelsar i løpet av sesongen og vi har passasjerar som ikkje får reise vidare, seier Bergset. Han understrekar at dei aller fleste passasjerane er i god form.

Jostein Lange Bergset

Jostein Bergset er hamnesjef i Aurland. Han seier dei fleste av cruisepassasjerane er i god form, men det finst unntak.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ekstra arbeid

På sjukehuset i Ålesund betyr dei sjuke turistane mykje ekstraarbeid, utover den medisinske behandlinga. Det er helseopplysningar som skal innhentast frå heimlandet, forsikringspapir må ordnast, trygderettigheiter, heimtransport og informasjon til pårørande.

– Mykje av dette tar tid både for legar og anna helsepersonell, seier Longva.

Overlegen vil ikkje direkte fråråde sjuke folk å oppfylle sitt siste ønske og bestille eit cruise, men han meiner folk må rådføre seg med fastlegen sin.

– Eg trur ikkje alle hadde blitt klarert frå fastlegen. Nokre er rett og slett for sjuke til å reise, hevdar Longva.

Cruiseskip til kai i Ålesund

Kvar sommar ligg cruiseskip ligg til kai i Ålesund. På nokre av skipa er enkelte passasjerar så sjuke at dei blir sendt på sjukehus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK