Hopp til innhold

– Vi må spele på ein annan måte

AaFK-trenar Lars Bohinen meiner kvelden kamp mot Stabæk var jamn. Han skulle likevel ønska at Ålesundarane hadde beheldt ballen meir og lengre enn dei gjorde. – Det er ein grei bortekamp, utan at vi greier å vere så gode som vi kan offensivt, seier han. Bohinen vektlegg vidare at AaFK må spele på ein annan måte i returoppgjeret søndag for å ta seg vidare til Eliteserien. Han vedgår at det betyr mykje, både økonomisk og sportsleg, å rykke opp frå 1. divisjon. – Eg trur alle spelarane kjenner på eit press, men vi har på ein måte ikkje noko å tape. Der har Stabæk, som er i Eliteserien, meir å tape enn oss, seier han.

1. divisjon fotball 2018, Aalesund - Viking.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix