Hopp til innhold

– Vi leikar ikkje med 100 millionar

Samferdselspolitikar Frank Sve frå Frp trur på ei løysing når ein delegasjon frå Møre og Romsdal i ettermiddag møter Vegdirektoratet for å diskutere Nordøyvegen.

Nordøyvegen

I dag kan det bli avgjort om det blir noko av Nordøyvegen.

Foto: NRK

I mars blei det kjent at vegdirektoratet sette foten ned for prosjektet, som via tunnelar skal knyte øyane i Haram og Sandøy til fastlandet. Men nye forskrifter seier at ingen tunnelar kan ha meir enn fem prosent stigning, og tunnelane som er planlagde har 10 prosent stigning.

Ketil Solvik-Olsen og lokalpolitikarar

Samferdselsministeren har fått presentert Nordøyvegprosjektet tidlegare.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi kan ikkje akseptere at Vegdirektoratet kjem to minutt på tolv, etter at prosjektet er ferdigstilt i alle samanhengar, og der direktoratet sjølv har vore med fleire gongar, seier Sve.

– Endrar vi stigningsgraden bommar vi på øyane

Han er nokså sikker på at diskusjonen i ettermiddag gjer at ein kan gå vidare med prosjektet, som det er brukt 100 millionar kroner på å planlegge.

– Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har uttalt at der finst unntaksbestemmingar, og at han håpte vi blei einige. Det er no ein gong slik at desse tunnelane skal treffe øyane, og då er det ikkje berre å endre stigningsgraden.

Over tre milliardar er prisen på prosjektet som det er snakka om i årevis. Og reaksjonane lokalt og mellom samferdselspolitikarane har vore sterke etter det siste utspelet frå direktoratet.

Les også:

Frank Sve

Frank Sve trur på oppstart av Nordøyvegen tidleg i 2017.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Sunn fornuft og realitetane er det som skal til for å få dette på plass. Storsamfunnet brukar ikkje 100 millionar kroner for å leike.

Lastebileigararane er mellom dei som har uttalt seg negativt til tunnelplanane i Nordøyvegprosjektet. Sve kjøper ikkje deira argument.

Kan vere eit skjebnemøte

– Risikoen for ulykker i desse tunnelane er langt mindre enn i lange tunnelar med fleire tusen køyretøy i døgnet. Det er dessutan avbøtande tiltak som kan bli sette inn.

Sve seier at prosjektet er klart til å lysast ut på anbod, og meiner også det tel at heile entreprenørnæringa i heile regionen skrik etter arbeid.

Eit «skjebnemøte» har mange kalla møtet mellom Vegdirektoratet og delegasjonen klokka 14 i ettermiddag. Sve trur det blir ei løysing.

– Anbodet kan gå ut no og arbeidet kan då starte tidleg i 2017.