Hopp til innhold

– 100 millionar har blitt kasta vekk dersom Nordøyvegen blir stansa

Øyfolket er fortvilte etter nyhenda om at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenne dei undersjøiske tunnelane i Nordøyvegen. Rolf Longva meiner det er katastrofe om prosjektet blir stansa.

Ferja Os

Nordøyvegen skal erstatte ferja. I staden kjem det etter planen tre undersjøiske tunnelar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ferja MF Os i trekantsambandet Skjeltene- Lepsøya-Haramsøya er i rute. Det er ein stille kveld og berre få passasjerar, i motsetning til morgon og ettermiddag då alle jobbpendlarar skal av garde. Rolf Longva har pendla til fastlandet i 25 år. Han har sett fram til at fastlandssambandet Nordøyvegen endeleg skulle kome.

Prosjektet har vore nærare første spadetak enn nokon gong. Planen var byggestart til årsskiftet. Men tysdag slo bomba ned. Vegdirektoratet kan ikkje godta at tunnelane har så bratt stigning og gir ikkje godkjenninga som krevst.

– Folk føler at prosjektet får eine smellen etter den andre. Det er stadige hindringar og nesten som om nokon jobbar imot oss, seier Rolf Longva. Sjølv har han aldri mist motet. Han har heile tida trudd at Nordøyvegen skal kome.

Rolf Longva

Rolf Longva har pendla med ferja i 25 år. Han gir ikkje opp håpet om fastlandsforbindelse.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

​LES OGSÅ:

Kastar millionar ut vindauget

Heller ikkje no gir Longva opp tanken om å sleppe å vere avhengig av ferjetidene, men sjølv bestemme kor tid han vil reise. Mange av bygdefolket er optimistar som Rolf, andre har byrja å tvile på om utbygginga som skal gi fast vegsamband til 2900 menneske i Haram og Sandøy, nokon gong blir ein realitet.

– Vi høyrer at det sikkert er brukt 50 millionar kroner i førebuingar og like mykje i utgravingar. Dersom prosjektet blir stansa er det å kaste 100 millonar kroner ut i lause lufta, seier Longva.

Trudde dei hadde dispensasjon

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes er styreleiar i Nordøyvegen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Styreleiar i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, er også på kveldsferja. Han har heller ikkje tenkt å gi seg utan kamp. Han har heile tida visst at dei undersjøiske tunnelane har ei brattare stigning enn kravet, men trudde at alt var i orden då dei fekk dispensasjon. Det kom strengare krav til tunneltrygging i 2015, etter fleire alvorlege tunnelbrannar i landet.

– Dei nye forskriftene har truleg ikkje blitt fanga opp av systemet, seier Sandnes, som ikkje vil leite etter syndebukkar. Han vil sjå kva moglegheitene er for å løyse saka, slik at Nordøyvegen blir bygt.

– Det fortener faktisk folket her ute, seier Sandnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL