Hopp til innhold

– Vi har kasta ut Høgre-ordførarar rundt om i heile fylket

Arbeidarpartiet og Senterpartiet tok 25 av 36 ordførarar i Møre og Romsdal. Eit klart signal, meiner Ap.

Egil Ekhaugen

OVERTAK: Fylkessekretær i Ap, Egil Ekhaugen, er glad for at de har tatt over plassen til fleire blå ordførarar.

Foto: Ap

Kommunevalet i Møre og Romsdal blei ein stor opptur for Arbeidarpartiet og Senterpartiet. No trur dei raud-grøne at den store auken i talet på ordførarar blir ein viktig ressurs fram mot stortingsvalet om to år.

Arbeidarpartiet står med 13 ordførarar etter valet. Fylkessekretær Egil Ekhaugen opplever auka i ordførarar som veldig positivt og inspirerande.

– Det er veldig hyggeleg at vi har fått betalt for den jobben vi har gjort. Det er også eit klart signal frå veljarane at dei vil ha eit skifte frå blå-blå politikk. Vi har kasta ut Høgre-ordførarar rundt om i heile fylket. Det syns eg er bra, seier Ekhaugen.

Fordel før stortingsvalet

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge i Sp ser på auka i ordførarar som ein ressurs.

Foto: Bernt Sønvisen

I Stranda er det eit anna raudgrønt parti som har gjort veg i vellinga. Senterpartiet er den store vinnaren og Jan Ove Tryggestad kan heve ordførarklubba i fire nye år. Han er ikkje aleine.

Senterpartiet kan innkassere 12 ordførarar i fylket. Jenny Klinge (Sp) meiner det er ein stor fordel før stortingsvalet at dei no har fleire ordførarar.

– Det er rett og slett knallbra. Det er kjempeflott for meg som stortingsrepresentant å no ha fått 12 ordførarar med meg på laget, seier Klinge.

Ekstraressurs

Raudgrøne politikarar håper at lokalvalet er eit forspill til stortingsvalet i 2017. Og då kan det kome godt med å ha 25 ordførarar i Møre og Romsdal. Det kan bli viktige kort på handa om to år.

– Eg veit kor mykje det betyr å ha ordføraren. Ein får vite mykje meir, og ein kan påverke mykje meir og vere med på ein anna måte. Det er ikkje berre ordføraren som blir ein ressurs for meg som stortingsrepresentant, men det blir også lokallaget, seier Klinge.

Ekhaugen seier at ordførarane er viktige talerøyr når ein går inn i ein stortingsvalkamp.

– Det såg vi i 2013, og vi kjem til å sjå det i 2017. Det er heilt klart ein ressurs, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL