NRK Meny
Normal

– Lykke er å vere fornøgd med det ein har

Espen Marø Farstad frå Valderøya sa opp jobben på Supplybåt for å vere krabbe- og krepsefiskar på ein liten sjark. Det blir han ikkje rik på, men han føler seg som ein millionær likevel.

Påska kan gi tid til refleksjon. No skal vi treffe ein som har gjort eit bevisst val - for å få eit bedre liv.

Espen Marø Farstad sa opp jobben for å leve eit betre liv.

– Lykke er å ikkje alltid ønske seg noko meir, men å vere fornøgd med det ein har.

Vi får bli med krabbe- og krepsefiskar Espen Marø Farstad frå Valderøya inn i Grytafjorden på Sunnmøre for å drage teiner. Dagen starta litt grått. Sesongen går mot slutten, og han har ikkje heilt trua på at det vil bli noko fiske.

Dessutan har reporteren som kom om bord med seg ryggsekk, og det betyr sjeldan fiskelykke. Men han smiler likevel og seier det bruker å ordne seg.

På sjøen sidan han var 16

Han har 75 teiner fordelt på tre setningar. No har dei stått i to dagar. Han spør om eg vil ha kaffi. Ja, det hadde vore godt, seier eg.

Det er ein ting han må ha med på sjøen, varm kaffi. Han kan berre huske ein gong han har gløymt å ta med kaffi på sjøen, da snudde han inn igjen for å hente den.

Espen er femtegenerasjons sjarkefiskar, men det er berre han som har drive med teiner. Han har vore på sjøen sidan han var 16 år, men då broren overtalte han til å starte på supply mistrivdes han fort første gong.

– Det var ikkje noko for meg, det blei for mange meiningslause oppgåver, seier han.

Saka held fram under bildet.

Espen Marø Farstad

Espen Marø Farstad sel fangsten sin på kaia i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Føler seg som ein millionær

No lever han av teinene sine, og er å finne på kaia i Ålesund kvar fredag og ofte på laurdagar.

– Eg tener ikkje så mykje pengar, men føler meg som ein millionær likevel, seier han.

Heller ikkje ein konto full av pengar hadde fått han til å endre livsstil. Han hadde ønska å få tid til å ta seg en tur på sjøen likevel. No er det kvardagen hans, og han seier han føler at han leikar seg utan å måtte jobbe.

Han meiner lukke er å vere fornøgd med det ein har.

– Det er noko eg tenker på heile tida, smiler han.

Ei trekvart bøtte

Har ein ikkje råd til eit fint hus, ja, så vær fornøgd med at du har eit hus. Har du ikkje råd til hus, ja, så vær fornøgd med at du har ei leilegheit eller tak over hovudet. Orda kjem frå den lykkelege fiskaren.

– Ikkje sjå på kva andre har, men verdsett det du faktisk har. Har du ei kone, ein mann eller eit barn, ja, så set pris på dei og, seier Espen til NRK.

Heime har han både kone og barn som han set pris på. Og så set han også pris på hunden som dagleg blir med han ut for å drage teiner.

– Eg blir nok litt grinete om eg ikkje får meg ein sjøtur, men når vi kjem heim er vi lett å ha med å gjere begge to.

Ei trekvarts bøtte med kreps er det som skal til for at han skal få det til å gå rundt.

– Men like viktig som kva du tener er kva du bruker. Du må vere litt gnien for å vere sjarkfiskar, meiner han.

– For mykje bruk og kast

Han synest samfunnet har blitt for mykje bruk og kast. Han kjøper ikkje ein TV før den er gåen.

– Folk har sett seg veldig høge krav til kva ein skal ha. Dyre bilar, båt og hytte. Då må ein jobbe som pokker for å halde lånet.

Espen prøver å tenkje annleis.

Han kjøper ikkje så mykje, men prøver heller å sette pris på dei tinga som han har. Hanfortel at mange seier han burde kjøpe ein større båt, men han vil ikkje låna pengar til det. Han vil ha fridomen til å sleppe å fare ut i stygt vêr for å måtte tene inn båtlånet.

– Eg har eit mål, og det er at eg ikkje skal ha større bruk enn at eg kan ta med agnet i ei vende. Det er noko sjarmerande i det å ikkje måtte bruke bilen, meiner krepsefiskaren.

Etter nokre timer så er bøtta i alle fall meir enn halvfull, og han har drege den siste teina. Det er på tide å reise heimover. Han lagar seg ei skive med smør.

Eg lurer på om han er så gnien at han ikkje tar seg råda til å ha på pålegg.Men sånn er det ikkje, han synest det er utruleg godt med skive med smør, men utan pålegg ...