Hopp til innhold

Kjell Magne Bondevik: – Det er ikkje gitt at KrF går i regjering

Det er så mykje som skil dei fire partia at det ikkje ein gong er sikkert at KrF går i forhandlingar. Det trur tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik og Knut Arild Hareide

Kjell Magne Bondevik saman med Knut Arild Hareide.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Dei borgarlege partia står framføre tøffe forhandlingar etter valsigeren. Høgre, Framstegspartiet, Vestre og Kristeleg Folkeparti fekk eit klart fleirtal i Stortinget, men det er mange problemsaker dei må bli samde om.

Dei fire borgarlege partia har allereie hatt sitt første møte for å planlegge ny regjering. Erna Solberg vil likevel ikkje garantere for at det vert ein «firarbande».

Store utfordringar

Den tidlegare statsministeren for KrF har vore med på liknande forhandlingar tidlegare, både gjennom sentrumsregjering og sentrum-høgreregjering. Den siste gongen var det betydeleg avstand i sakene, men likevel var den politiske fellesskapen stor nok til å gå i regjeringsforhandlingar.

– No er både spreiinga og dermed utfordringane større, seier Bondevik.

KrF fekk 5,6 prosent ved valet.

For tidleg å forhandle

Han seier det er for tidleg å snakke om regjeringsforhandlingar og trur det først vert uforpliktande samtalar og sonderingar. Der vil ein kartlegge terrenget og finne ut kva av partia som kan gå vidare.

– Parti som gjennom sonderingsfasen finn ut at dei er best tent med å ikkje sitje ved regjeringsbordet, bør ikkje gå i regjeringsforhandlingar, seier Bondevik.

Hunger etter makt

Dagrun Eriksen seier at KrF har hunger etter makt etter å ha vore i opposisjon i åtte år . Der har dei hatt liten innverknad. Bondevik meiner det er viktig å ikkje berre tenkje på regjeringserklæringa, men hugse på at dette blir eit dagleg arbeid i fire år.

– Ei regjering skal vere samd om alle saker frå time til time og ha eit felles ansvar, seier Bondevik. Han seier at KrF kan få vel så gode moglegheiter ved å halde seg i vippeposisjon i Stortinget, i staden for å gå inn i regjering.

Dei vanskelege sakene å einast om hos dei fire partia er blant anna asylpolitikken, bistand, miljø og alkoholpolitikk.