Hopp til innhold

– Taparar i kampen om reiselivet

Møre og Romsdal kjem svekka ut og blir taparar i kampen om reiselivet utan betre samarbeid, meiner reiselivstopp.

Per Arne Tuftin og Arne Aambakk

Reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin og Arne Aambakk, styreleiar i Møre og Romsdal Reiseliv.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Samarbeid må til for at ikkje andre delar av landet skal gå framfor oss, seier styreleiar i Møre og Romsdal Reiseliv, Arne Aambakk.

Han er overbevist om at destinasjonsselskapa vil lukkast med eit samarbeid.

Aambakk blir forundra om ikkje destinasjonsselskapa på Sunnmøre vedtar samanslåing, til liks med Nordmøre og Romsdal.

Endring

Reiselivskonferansen 2015

Aambakk meiner at eit samarbeid mellom destinasjonsselskapa i fylket vil gjere dei meir slagkraftige. Her frå reiselivskonferansen 2015.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han syns at destinasjonsselskapa i fylket har gjort ein god jobb i 2014, trass i sterk kronekurs. Men "ok" er ikkje bra nok, meiner Aambakk.

– Det er fleire ting vi ikkje er dyktige nok på, og difor meiner eg at vi må gjere endringar.

Reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin, seier at Møre og Romsdal gjer det betre enn mange andre stader.

– Vi ser ei god auke, og det er på grunn av gode produkt og ein fantastisk natur, seier Tuftin.

Møre og Romsdal har og satsa på vinterturisme. Og det med hell.

– Vi ser ein topp i både vinter- og sommarsesongen. Det er det mange som er misunnelege på. Men vi må ikkje gløyme sommaren - det er då dei fleste turistane kjem.

Gjer kvarandre gode

Aambakk meiner at eit samarbeid mellom destinasjonsselskapa i fylket vil gjere dei meir slagkraftige. Han er glad for at Nordmøre og Romsdal har gått saman om turistane.

– Dei vil nok stå fram som eit eksempel og hjelpe andre på vegen. Det er ein spesiell bransje med store aktørar som er vande med å styre sjølve. Men skal ein bli god må ein gjere kvarandre gode, meiner styreleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL