Hopp til innhold

– Ta ansvar og grip arbeidsgleda

Personalsjef i Molde kommune, Mette Holand, vil snakke opp arbeidsveka og skape ein kultur for å vere glad i jobben. Her er tips for at du skal få ein god dag på jobb.

Mette Holand

På ein arbeidsplass er det viktig å heie kvarandre fram, meinar Mette Holand, som er personalsjef i Molde kommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sliten etter ei hard arbeidsveke? Mange pustar ut når det endeleg er helg, men Mette Holand meiner vi må bli flinkare til å skape positivitet rundt arbeidsveka.

– Tenk på og sei kva du ynskjer. Har du det vanskeleg på jobben, bør du heller spør deg kva du ynskjer annleis? Vri fokuset frå kritikk, til kva du ynskjer, seier Holand.

Holand er personal- og organisasjonssjef i Molde kommune, med 2000 tilsette. Ho synest at mange er flinke til å planlegge korleis dei skal bruke helgene, men ofte manglar dei ein plan for arbeidskvardagen sin.

Legg ein plan

Det er lett at misnøye og klaging spreiar seg på ein arbeidsplass, og det set krav til leiarar og personalavdelinga. Har du ein dårleg dag på jobb, har Holand tipsa klare.

– Det er viktig å ha gode prosedyre når det oppstår noko som tek fokuset vekk. Snakk gjerne om slike ting i fredstider før det blir vanskeleg, seier Holand. Ho understrekar at konstruktiv kritikk skal det alltid vere rom for på ein arbeidsplass.

Holand meiner at kvar enkelt arbeidstakar må gjere ein jobb for at positivitet ikkje forsvinn frå arbeidsplassen.

Det er lov å få ut frustrasjonar, men personalsjefen meiner at ein må gjere det på ein smart plass. Prat med ein ven eller kollega som du kan sparre med. Finn ein konsekutiv måte å få arbeidsgleda på din arbeidsplass.

– Eg har tru på å legge ein plan for dagen. Finn ut korleis dagen kan brukast på ein best mogleg måte for deg sjølv, kollegaene dine og den tenesten du skal levere, seier Holand.

Heiar kvarandre fram

Ho meiner det er viktig at dei tilsette er klar over kva ansvar dei har og kva oppgåver som høyrer til stillinga. Tenk sjølv om du er stolt over den jobben du leverar, det er din nåværande arbeidsgivar som gir deg referansar til din neste jobb.

– Arbeidsplassar det går bra med har klare målsetjingar og god oversikt over kva som skal gjerast. Ein heiar kvarandre fram for å nå målet, seier Holand.

Også ho veit at ikkje alle dagar er like enkle, men det finst triks for å komme i betre humør. Det går an å nesten lure seg sjølv til å tenkje positivt.

– Hopp litt og ta ein trall, og skru litt på fysikken, så kjem psyken som regel etterpå. Tankane har stor kraft. Det du tenker på, det blir du, seier Holand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL